mini|Godset Jarlsberg hovudgard ligg 3 km nordvest for Tønsberg i Vestfold. Hovudbygninga vart reist etter ein brann i 1699 og bygd om av Herman Wedel-Jarlsberg i 1812. mini|venstre|Bogstad gard kor Karen Wedel-Jarlsberg fødd Anker vaks opp som einaste arving av Peder Anker. Etter Anker døydde gjekk garden og eigedomane over til svigersonen Herman Wedel-Jarlsberg. Gouache av Elias Meyer frå rundt 1790. mini|venstre|Illustrasjon frå boka Norsk Prospect-Samling av Peter Frederik Wergmann. På teikninga ser ein Jarlsberg hovudgard og Sem kyrkje. mini|Wedel-Jarlsbergmonumentet blei laga av bilethoggaren Hans Michelsen og står på Dronningberget på Bygdøy i Oslo. Johan Caspar Herman greve (von) Wedel-Jarlsberg () var ein norsk politikar og adelsmann. Han tilhøyrde slekta Wedel-Jarlsberg og var lensgreve til Jarlsberg ved Tønsberg.
Familiebakgrunn Han vart fødd som nesteldste son av Anton von Wedel-Jarlsberg, greve til Jarlsberg, ein dansk minister av tysk opphav og dansk-norsk diplomat, og Cathrine von Storm. Mora hadde norsk bakgrunn, ho var dotter av stiftsamtmann og kammerherre Caspar von Storm som åtte Det Stormske palé i Christiania, kor ho vaks opp.Carl Emil Vogt side 11 Bygninga finst framleis og er kjend som den gamle Krigsskulen i Tollbugata.
Barndomen vart tilbrakt på ulike plassar ute i Europa der faren arbeidde som diplomat. Oppveksta til Herman Wedel-Jarlsberg vart prega av vald, faren er omtala i brev som ein tyrann som held alle i huset i eit jarngrep. Etter at den eldste broren døydde i 1787 vart Herman arving til Jarsberggodset og grevetittelen.
I 1797 klarte mora å rømme frå faren, ho fekk med seg dottera Julie og kom seg til København.Carl Emil Vogt side 14-15 To år seinare klarte Herman og broren Ferdinand også å flykte. Dei var da 19 og 18 år gamle.
Liv og virke I København fekk dei støtte og hjelp av moras vener, framfor alt frå finansminister Ernst Heinrich von Schimmelmann og hans kone. Wedel-Jarlsberg studerte jus, statsvitskap og filologi ved universitetet i København. I 1810 gjekk han inn i dansk statsteneste og vart amtmann i Buskerud amt. Etter at faren døydde arva han grevskapet Jarlsberg med Jarlsberg gods ved Tønsberg.
Han gifta seg med Karen Anker i 1807, dotter av godseigar Peder Anker på Bogstad gard.
Under den svensk-norske krigen i 1814 danna og leia han eit eige frikorps. Då Kielfreden i 1814 i røynda avstod Noreg til Sverige, gjekk han som medlem av riksforsamlinga på Eidsvoll inn for samband med Sverige på visse vilkår. Han var vald som førsterepresentant frå Jarlsberg grevskap til riksforsamlinga, dei andre to var sorenskrivar Gustav Peter Blom og gardbrukar Ole Rasmussen Apeness.
I 1822 vart han stilt for riksrett på grunn av eit statslån teke opp i Berlin, men frikjend. Han trekte seg deretter attende til godset sitt. Trass i dette vart han vald inn på Stortinget i 1824-1826, 1827-1829 og 1830-1832. Han vart finansminister i tre periodar; 18. november 1814-august 1816, oktober 1816-oktober 1818 og november 1818-januar 1822. I 1836 vart han utnemnd til statthaldar i Noreg med fullmakt som visekonge.
Den engelske presten Richard Carter Smith vitja «visekongen» på Bogstad gard i 1838Smith, Richard Carter: Reise i Norge 1838. (Oversatt fra håndskrevet manuskript.) Universitetsforlaget 1976. og skildra møtet med greven:
Han døydde i Wiesbaden i Tyskland. I 1840 skulle Wedel til Tyskland på kurbad, for å unngå København, der Christian Frederik var konge, reiste han via Ystad i Sverige. Wedel døydde på denne turen til Tyskland.Andreas Skartveit: "Oss fiendar i mellom", Dag og Tid, 6.juli 2012, s.18.
Etter greven døydde avgjorde kong Karl Johan at det skulle reisast eit monument over han på Dronningberget på Bygdøy. Oppgåva gjekk til Hans Michelsen som utforma bysten i sink etter dødsmaska til Wedel-Jarlsberg. Monumentet blei avduka i parken av kong Oscar I i 1845. Ved sokkelen ligg ei sørgjande riksløve.Wedelmonumentet frå Norsk Folkemuseum
Utmerkingar Wedel-Jarlsberg vart riddar av Dannebrogordenen i 1809 og fekk kommandørkrossen i 1812. I 1815 vart han utnemnd til kommandør av den svenske Nordstjerneordenen og i 1818 til skattmeister ved ordenskanselliet. I 1825 vart han riddar av Serafimerorden og fekk Medaljen for borgardåd i gull. Kjelder
Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Norske statthaldarar Kategori:Stortingspresidentar Kategori:Norske finansministrar Kategori:Norske statsrådar 1814-1884 Kategori:Stortingsrepresentantar 1814 Kategori:Stortingsrepresentantar 1824-1826 Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Norske amtmenn Kategori:Fylkesmenn i Buskerud Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Serafimerordenen Kategori:Nordstjerneordenen Kategori:Medaljen for borgardåd