Bukkeholstindan er eit fjell i Lom kommune i Innlandet. Fjellet består av ei rekkje tindar mellom Søre Illåbreen i vest og Bukkeholsbreen i aust. Den største toppen er Store Bukkeholstinden på 2213 meter over havet, noko som er det 47. høgaste fjellet i landet.

Andre toppar er Vestre Bukkeholstinden (2166 moh.), Nørdre Bukkeholstinden (2149 moh.), Midtre Bukkeholstinden (2154 moh.) og Søre eller Søraustre Bukkeholstinden (2058 moh.). Alle desse er av dei 150 høgaste toppane i Noreg med primærfaktor større enn 50 meter.

Sjå òg Høgaste fjell i Noreg

Bakgrunnsstoff Skildring av Bukkeholstindan

Kategori:Fjell i Lom Kategori:Jotunheimen