Rasletind er eit fjell i den austlege delen av Jotunheimen. Toppen av Rasletinden markerer grensa mellom kommunane Vang i sør og Vågå i nord, begge i Innlandet fylke.

Fjellet har to toppar, Øystre Rasletind og Rasletind. Begge ligg nær Rv51. Fjelltoppene er nokre av dei lettast tilgjengeleg fjelltoppane i Noreg som er høgare enn 2000 meter over havet. Fjellet er òg ein av dei sørlegaste 2000-meterane i Noreg. Det er det 118. høgaste fjellet i Noreg av fjella med primærfaktor på minst 50 meter.

Fjellet består av steinarten gabbro. Gabbroen i Rasletind er av den normale typen som er grå med svarte flekkar.

Utsikta frå fjelltoppen er ein av de beste i Noreg. På ein klår dag er det mogeleg å sjå nesten heilt til Oslo. Rondane er synlege mot aust-nordaustleg retning, og Dovrefjell mot nord. Sørover kan ein sjå Øystre Slidre, Bitihorn, og innsjøane Vinstri og Bygdin.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rasletind» frå , den 23. april 2008. oppgav desse kjeldene: Norske fjelltoppar over 2000 meter av Morten and Julia Mortensen - Glittertind forlag Jotunheimen bind 1 av Erik W. Thommesen and Gunnar Wigerust - Valdres forlag Naturgeografi av Hans Christian Kullerud og Hasse Raastad - Aschehougs forlag

Kategori:Fjell i Vågå Kategori:Fjell i Vang Kategori:Jotunheimen