Hestmannen er ein fjellformasjon på øya Hestmona, og er delt mellom kommunane Lurøy og Rødøy i Nordland. På det høgaste er fjellet 571 moh.

Hestmannen er følgd av Ambåtta, eit mindre fjell som ligg på same øya. Hestmannen er i lag med Dønnmannen, Leka, Torghatten og Sju søstre kjend frå segna om dei nordnorske trollfjella. DS «Hestmanden» har namn etter denne fjellformasjonen.

Referansar

Kategori:Fjell i Nordland Kategori:Geografi i Lurøy Kategori:Geografi i Rødøy