Lille-Raipas (nordsamisk: Unna Ráipásaš) er eit fjell i Alta kommune i Vest-Finnmark i Finnmark fylke, 5 km søraust for Alta sentrum. Fjellet er 286 meter høgt og utgjer eit av punkta på Struvemeridianen, som i 2005 vart teke med på UNESCO si verdsarvliste.Norges verdensarv – Struves meridianbue

Geologi

Berggrunnen høyrer til Raipasgruppen som består av ein tjukk lagpakke med grønstein og over dette ein tjukk lagpakke av kvartsitt. Grupp finst i eit grunnfjellsvindauge mellom Alta og Kvænangen og høyrer til Finnmarksvidda sitt grunnfjellsområde. Tilsvarande grønstein og kvartsitt finst òg i Aust-Finnmark sitt grunnfjellsområde og alderen er 2 milliardar år. Christopher Oftedahl: Noregs geologi. Tapir 1981.

I fjellet har ein funne Europa sine eldste fossil av 1800 millionar år gamle stromatolittar.

Raipas gruve ligg på fjellet Lille-Raipas. Førekomsten vart truleg funnen i 1685. Alten Copper Works dreiv gruvedrift frå 1836 til 1869 og var ved sidan av Gammelgruva i Kåfjord den viktigaste for koparverket i Kåfjord.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lille-Raipas» frå , den 26. april 2008. oppgav desse kjeldene:

Sjå òg Prekambrium Norsk geologi

Bakgrunnsstoff Allan Krill - Alta-fossiler Aftenposten - "Første livstegn i Europa er funnet i Alta-fossil" Øytun folkehøgskole "Hans Martins solodøgn" finnmark.org - "4 punkter i Finnmark inn på UNESCOs World Heritage List"

Kategori:Fjell i Finnmark Kategori:Geografi i Alta Kategori:Verdsarv i Noreg Kategori:Kulturminne i Alta Kategori:Turistmål i Finnmark