Ragnar Harald Hoen () var ein norsk sjakkspelar. Han vart noregsmeister i sjakk tre gongar, i 1963, 1978 og 1981,Brekke, s. 104 og 106 og vann den nordiske meisterskapen i sjakk i 1967.Brekke, s. 118

Ragnar Hoen vart utnemnd til tittelen FM (FIDE-meister i sjakk) av Verdssjakkforbundet FIDE.

Han har vore på det norske landslaget i sjakk-olympiaden (VM for landslag) heile 12 gongar, alle sjakk-OL frå 1960 til 1982, av dette fem gongar også som lagleiar.www.olimpbase.orgBrekke, s.112-113

Ragnar Hoen vann seniorklassa i NM i sjakk, aldersklassa for dei som er over 60 år kvart år frå 2002 til 2008, 7 år på rad, og deretter også i 2011.Brekke 2014 s. 302-305

Ragnar Hoen var heile 17 gongar med på å vinne NM i sjakk for klubblag for Oslo Schakselskap sitt lag.Norsk Sjakkblad nr. 4, 2007 s. 16

Ragnar Hoen var onkel til høgdehopparen Steinar Hoen.

Kjelder Norsk Sjakkblad nr. 4, 2007, side 16 Ragnar Hoen - senior: Grossist i mesterskap Øystein Brekke: Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989, ISBN 82-991916-0-2 Øystein Brekke: Norske sjakktrekk. Norges Sjakkforbund 100 år 1914-2014. Norges Sjakkforbund 2014, ISBN 978-82-991916-2-3 Olimpbase, database over sjakk-olympiadar mv

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Nokre av Ragnar Hoen sine parti hos www.chessgames.com Ragnar Hoen sine sjakkparti i Noreg hos NorBase Ragnar Hoen sin rating hos verdssjakkforbundet FIDE

Kategori:Norske sjakkspelarar Kategori:Nordiske meistrar i sjakk Kategori:Noregsmeistrar i sjakk Kategori:FIDE-meistrar i sjakk