Figgjoelva er ei elv i Rogaland som renn frå Edlandsvatnet på Ålgård, gjennom Figgjo og til Sele på Jæren. Elva er populær for sportsfiske og er ei av dei 10–15 største lakseelvane i Noreg. Ho har ei lengd på 42,2 km og ein høgdeskilnad på 104 m. Middelvassføringa er på 103 m³/s.
Elva vert kryssa av Skjævelandsbrua og Skjæveland gamle bru ved riksveg 44 på Skjæveland
Elva var grunnlaget for industrien på Ålgård og Figgjo. På Ålgård kjøpte Ole Nielsen rettane til Edlandsfossen og starta opp De Forenede Ullvarefabrikker. Tidlegare vart det òg fiska etter ål.
I 1973 vart elva verna mot kraftutbygging i Verneplan I for vassdrag.
I 2000 var Figgjoelva den nest største lakseelva i Rogaland då det vart fiska 10,6 tonn laks og 677 kg sjøaure.
Figgjoelva har ein levedyktig bestand av elvemusling. Tidlegare vart muslingane beskatta, men i dag er dei verna som ein raudlista art.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Figgjoelva» frå , den 2. mai 2008. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Elvar i Rogaland Kategori:Geografi i Gjesdal Kategori:Geografi i Sandnes Kategori:Geografi i Klepp Kategori:Geografi i Time