For innsjøen i Tatrafjella, sjå Morskie Oko

Morské oko (tidlegare Veľké Vihorlatské jazero) er ein innsjø i Vihorlatfjella aust i Slovakia. Han ligg 618 meter over havet og har eit areal på 0,13 km². På det djupaste er han 25,1 m. Innsjøen har vore omfatta av eit nasjonal naturreservat sidan 1984 og er ein del av Vihorlat verna landskapsområde. Aure er ein av fleire fiskeslag i vatnet.

mini|Morské oko om våren mini|Morské oko om vinteren

Bakgrunnsstoff Naturreservatet Morské oko Morské oko - Sirava.net (slovakisk) Morské oko på Sirava.sk (mange bilete) (slovakisk)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Morské oko (Slovakia)» frå , den 5. april 2009.

Kategori:Innsjøar i Slovakia Kategori:Naturvern i Slovakia