mini|Topografisk kart over Europa mini|Topografisk kart over Europa Den austeuropeiske sletta, Det austeuropeiske låglandet eller Den russiske sletta er ei slette med ei rekkje store elvar i Aust-Europa. Det er det største fjellause området i Europa. Sletta dekkjer eit område på om lag 4 millionar km² og har ei gjennomsnittleg høgd på 170 meter over havet. Ho strekkjer seg frå Uralfjella og dekker det meste av den europeiske delen av Russland, Baltikum, Kviterussland, det meste av Ukraina, Moldova, austlege delar av Polen og vestlege område av Kasakhstan.
Ho grensar til Kvitsjøen og Barentshavet i nord, Uralfjella, Uralelva og Kaspihavet i aust, Kaukasus og Svartehavet i sør, Karpatane og andre fjell i Polen i vest. Sletta er vidare inndelt i fleire område, som Valdaiåsane, Det sentrale russiske høglandet, Volgahøglandet og låglandet rundt elva Dnepr, Svartehavet og Kaspihavet.
Under Det russiske keisardømet og Sovjetunionen vart sletta her kalla den russiske sletta (russisk Русская равнина eller Russkaja Ravnina). Dette namnet vert stundom òg nytta i dag.
I lag med Det nordeuropeiske låglandet dannar ho Den europeiske sletta.
Land
Russland Estland Latvia Litauen Kviterussland Polen Ukraina Moldova Kasakhstan (den europeiske delen)
Landformer
Av store landskapstrekk på Den austeuropeiske sletta finn ein: Timanryggen Det nordrussiske låglandet Den nordlege ryggen Det baltiske høglandet Valdaiåsane Moskvahøglandet Det sentrale russiske høglandet Smolensk-Moskva-ryggen Den kviterussiske ryggen Volagahøglandet Polesie Podolehøglandet Den kaspiske senkinga Kuma-Manytsj-senkinga
Store elvar Volga Uralelva Dnepr Don Petsjora Kama Oka Belaja Daugava Neman Pregolja
Sjå òg Den vestsibirske sletta, den andre store sletta i Russland
Kjelder Denne artikkelen bygger på «East European Plain» frå , den 18. mai 2008.
Kategori:Europeisk geografi Kategori:Sletter i Russland