Volda TI Fotball er blant dei største på Sunnmøre med nærare 50 påmelde lag i kretsseriane. A-laget for menn spelar i 2017 i 4. divisjon (nivå 5), men var frå 1988 og det meste av 1990-åra på nivå 3 i Noreg. A-laget for kvinner spelar i 2015 i 2. divisjon. Klubben har alltid hatt studentar og skuleelevar blant sine spelarar sjølv om lokale spelarar har utgjort fleirtalet av spelarane i klubben.
Volda TI Fotball er ei vidareføring av Volda Fotballag, som vart starta opp i 1916. Fotballaget kom som eit tillegg til Voldens Turnforening, som vart stifta allereie i 1899. Seinare vart fotballaget ein del av overbygginga VTI (Volda Turn og Idrottslag) som vart til etter andre verdskrigen i 1945.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Volda TI Fotballs heimeside
Kategori:Volda kommune Kategori:Fotballag frå Sunnmøre Kategori:Skipingar i 1916