thumb|Innpakka Kvikk Lunsj i snøen. Sjokoladen er mykje brukt som skiturniste. Kvikk Lunsj er produktnamnet for ein kjekssjokolade som blei lansert av søtsakprodusenten Freia i 1937. Kvikk Lunsj blir i dag produsert av Mondelez International og selt i Noreg, Sverige og Danmark.

Kvikk Lunsj er blitt framstilt som ein «tursjokolade» sidan lanseringa, og mange assosierer han med skiturar, spesielt i påskeferien, der sjokoladen ofte blir brukt som energigjevande niste.

Skildring Sjokoladen består av fire avlange kjeksbitar omgitt av sjokolade. Mellom kjeksbitane er sjokoladelaget tynnare slik at det er lettare å dele sjokoladen. Kjeksen er laga som er steikt til flak og trykka ut til avlange bitar som blir limte saman i tre lag. Fire og fire bitar blir lagde saman og trekte med mjølkesjokolade.

Historie Sidan lanseringa har Kvikk Lunsj blitt laga på ein fabrikk på Rodeløkka.

Oppskrifta på Kvikk Lunsj har vore den same sidan 1930-talet. Designet på innpakninga har også vore lik, men i 1960-åra trykte Freia fjellvettreglane på baksida. Innpakninga blei endra frå papir til plast i 2005, noko som vekte sterke reaksjonar.

mini|venstre|Kvikk Lunsj liknar sjokoladen Kit Kat som blir selt i Storbritannia og USA.

Kvikk Lunsj liknar mykje på Kit Kat, ein sjokolade som blei laga for den britiske marknaden av Rowntree Limited frå 1935.

Kvart år blir det laga kring 50 millioner plater Kvikk Lunsj, mellom fire og fem tonn. I løpet av eitt år et kvar nordmann i gjennomsnitt ni Kvikk Lunsj-sjokoladar. Fire av desse blir etne i løpet av påska.

Kjelder

Kategori:Norske sjokoladeprodukt Kategori:Freia Kategori:Skipingar i 1937