Edøy gamle kyrkje er ei steinkyrkje frå tida kring 1190 som ligg på Edøya i Smøla kommune. Eit skriv frå 1695 nemner at kyrkja vart lengd med sju alen.

Ho gjekk or bruk som soknekyrkje etter at nykyrkja, Edøy kyrkje på Smøla, var ferdigbygd i 1885. Kyrkja brann etter eit lynnedslag den 14. januar 1887, og alt treverk og interiør anna enn altertavla og nokre få andre gjenstandar gjekk tapt. Altertavla vart øydelagd under bombinga av Kristiansund i 1940. Kyrkja vart bruka som lager av okkupasjonsmakta under andre verdskrigen. Etter krigen vart kyrkja oppattbygd, og ho vart atterinnvigd i 1950. I samband med 900-årsjubiléet i 1990 vart kyrkja nyoppussa og det vart sett inn nytt orgel.

Kjelder

Om Edøy gamle kyrkje på nettstaden kulturnett.no

Bakgrunnsstoff

Arkivverket: Prestegjeld og sogn i Møre og Romsdal

Kategori:Kyrkjer i Smøla Kategori:Freda bygg i Møre og Romsdal Kategori:Kyrkjer i Ytre Nordmøre prosti Kategori:Langkyrkjer i Møre bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Kulturminne i Smøla Kategori:Valkyrkjer i 1814