Sjå òg artikkelen om arten stormsvale, (Oceanodroma leucorhoa), engelsk namn Leach's storm petrel Stormsvale er ei fellesnemning for sjøfuglane funne i oseansvalefamilien og i stormsvalefamilien, begge i ordenen Procellariiformes, stormfuglar. Desse minste av sjøfuglane lever pelagiske og beitar på planktonkrepsdyr og småfisk som dei plukkar opp frå havoverflata, vanlegvis medan dei «vandrar» på overflata. Flukta er blaffrande og somme tider flaggermusaktig.

Stormsvalene har ein kosmopolitisk distribusjon, dei er funne på alle hava. Dei er strengt pelagiske og kjem på land berre for å reprodusere. For dei fleste artane finst det lite kunnskap om åtferd og utbreiing på havet, der kan stormsvalene vere krevjande å observere og vanskeleg å identifisere. Dei rugar i koloniar på isolerte øyar, viser sterk tendens til å vende att til kolonien og reirplassen kor dei vart fødde. Reirplassen ligg i sprekkar eller hòler og alle bortsett frå ein art er nattaktive. Parbanda er livslange og dei deler på ruging og fôring av ungar. I likskap med mange andre artar av sjøfugl har dei lang rugetid, opptil 50 dagar og etter det ca. 70 dagar før ungane er flygeferdige.

Fleire artar av stormsvaler er trua av menneskelege aktivitetar. Ein art, guadalupestormsvale, var tidlegare rekna som utdøydd og maoristormsvala vart gjenoppdaga i 2003. Det sterkaste trugsmålet mot stormsvalene er introduserte artar i hekkekoloniane, særleg pattedyr.

Taksonomi Stormsvaler er delt inn i sju biologiske slekter, og dei var tidlegare ofte gruppert i to underfamiliar, Oceanitinae og Hydrobatinae. Frå 2017 blei klassifiseringa endra slik at dei no er rekna som familietakson:Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson. 2018. Updates & Corrections - August 2018 Bolk «pages 13-14, 699, Southern Storm-Petrels Oceanitidae» om godtaking av Oceanitidae som ein ny familie. Henta 24. februar 2019Morten Bergan (05.03.2019) Wilsonstormsvalen får nytt norsk navn: oseanstormsvale Henta frå birdlife.no den 14. april 2019 Oseansvalefamilien, Oceanitidae, er slektene Oceanites, Garrodia, Pelagodroma, Fregetta og Nesofregetta. Dette er ti artar som stort sett lever sør for ekvator. Stormsvalefamilien, Hydrobatidae, er 17 artar, alle i slekta Hydrobates. Dei er stort sett avgrensa til den nordlege halvkula, sjølv om nokre kan vitje eller hekke eit lite stykke sør for ekvator.

Få fossile artar er funne, med dei eldste er frå øvre miocen.

Historie

I 2004 og 2017 fann genetiske analysar at slekta Oceanodroma må slåast saman med slekta Hydrobates, fordi den einaste arten av Hydrobates, havsvale (Hydrobates pelagicus), vart funne å ha sterkare slektskap med artar i slekta Oceanodroma enn kva desse artane hadde innbyrdes i Oceanodroma. Namnet Hydrobates vart introdusert av ornitologen Friedrich Boie i 1822 og har dermed prioritet framfor namnet Oceanodroma, som vart introdusert av ornitologen Ludwig Reichenbach i 1853. Derfor vart alle artane i Oceanodroma overført til Hydrobates.

Det er framleis uløyste fylogenetiske relasjonar mellom artane i stormsvalefamilien, Hydrobatidae. Eit døme er perustormsvala. Ein genetisk analyse av Wallace og kollegaer i 2017 fann at perustormsvale var systerarten til bajastormsvala. Dette vart seinare utfordra av Alvaro Jaramillo, som hevda at Wallace og kollegaer tok feil av eit eksemplar av bajastormsvale for perustormsvale. Derfor er forholdet mellom perustormsvale og andre medlemmer av slekta framleis uklårt.Medrano, F., J. Drucker, og A. Jaramillo (2021). Markham's Storm-Petrel (Hydrobates markhami), version 2.1. I Birds of the World (T. S. Schulenberg, S. M. Billerman, og B. K. Keeney, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.maspet.02.1

Morfologi og flyging mini|venstre|Uvanleg for Hydrobatidae-stormsvalene, så har gråstormsvala ei heilt grå fjørdrakt

Stormsvaler er dei minste av alle sjøfuglane, varierer i storleik frå 13 til 26 cm i lengd. Kroppsforma til artane i oseansvalefamilien skil seg noko frå dei i stormsvalefamilien. I stormsvalefamilien finn ein artar med relativt lange venger, gaffelforma eller kileforma halar og bein som er kortare enn halen i flukt. Artane i oseansvalefamilien derimot har kortare venger, bein som rekker bak haletuppen i flukt og mange med rettkanta halar. Beina til stormsvalene i begge familiar er proporsjonalt lengre enn dei andre stormfuglane, men dei er veldig svake og klarar ikkje å stø kroppsmassen til fuglen meir enn til nokre få skritt.

Generelt er stormsvaleartane i begge familiar notorisk vanskelege å identifisere på sjøen, og somme trur at mykje publisert informasjon om observasjonar ikkje er korrekt, og at bilete i dei største sjøfuglbøker og nettstader ofte har feilaktig artsnamn.Onley and Scofield, (2007) Albatrosses, Petrels and Shearwaters of the World. Helm ISBN 978-0-7136-4332-9

mini|høgre|Fregattstormsvala vandrar over vassflata i ein serie av byksande sprang Stormsvaler i begge familiane brukar ei rekkje teknikkar i tillegg til ordinær flyging. Dei fleste artane vil ved behov plukke føde frå vassoverflata, dei flyttar då føtene på overflata utan å trø igjennom, det kan dei gjere ved å få løft av vinden til å halde seg oppe.Withers, P.C (1979) Aerodynamics and Hydrodynamics of the ‘Hovering’ Flight of Wilson's Storm Petrel Journal of Experimental Biology 80: 83-91 Denne metoden for å ete mens dei flyg, er mest brukt av Oceanitidae-stormsvalene. Fregattstormsvala kan vise til ein unik variant når dei held vengene urørleg og i ein vinkel mot vinden skyv seg sjølv opp og framover vassoverflata i ei rekkje sprang.Erickson, J. (1955) Flight behavior of the Procellariiformes The Auk 72: 415-420 Stormsvaler kan òg bruke glideflukt til å segle over havoverflata, dei kan utnytte energien frå den vertikale vindgradient over bølgjefrontar.Brinkley, E. & Humann, A. (2001) Storm petrels in The Sibley Guide to Bird Life and Behaviour (Elphick, C., Dunning J. & Sibley D. eds) Alfred A. Knopf:New York ISBN 0-679-45123-4 Stormsvaler kan òg gå mot vinden for å få løft og vinne høgd for så å gli ned mot sjøen.

Føde Ein kjenner lite til dietten til mange stormsvaleartar på grunn av vanskar med å forske på fødeinntak, men ein trur familien samla sett konsentrerer seg om krepsdyr.Brooke, M. (2004). Albatrosses And Petrels Across The World Oxford University Press, Oxford, UK ISBN 0-19-850125-0 Mange artar tar òg småfisk og blautdyr. Nokre artar er kjente for å vere noko meir spesialisert, til dømes er gråryggstormsvale kjent for å konsentrere seg om larver av langhalsar, Pedunculata.

Nesten alle artar beitar i pelagisk sone, med unntak av dansestormsvaler som er kystnært næringssøkjande ved Galápagosøyane. Jamvel om stormsvaler er i stand til å symje godt og ofte legg seg tett saman på vassoverflata, et dei ikkje når dei ligg på vatnet. I staden beitar dei vanlegvis når dei svevar over eller «vandrar» på overflata og nappar små matbitar. Berre sjeldan gjer dei grunne dukk under overflata for å få tak i byttedyr.

Som mange andre sjøfuglar vil stormsvaler ofte halde seg saman med andre sjøfuglartar og marine pattedyr for å skaffe føde. Ein trur at predatorar slik som sel og pingvinar skyv byttedyr opp mot overflata i eiga jakt, det gjer at føda blir tilgjengeleg for stormsvaler, og stormsvalene dreg dermed nytte av samværet.Harrison N., Whitehouse M., Heinemann D., Prince P., Hunt G., Veit R. (1991) Observations of Multispecies Seabird Flocks around South Georgia Auk 108(4): 801-810

Utbreiing og rørsler Stormsvaler finst på alle verdshava, men som hekkefuglar har dei fråvære frå området i det vestlege Indiahavet, Polhavet, og dessutan dei austlege områda av Middelhavet, heile Svartehavet og område med brakkvatn. Oceanitidae finst vanlegvis på den sørlege halvkula og Hydrobatidae-stormsvalene på den nordlege halvkula.

Fleire stormsvaleartar gjer lange migrasjonar etter hekkesesongen. Arten med lengste trekkruta er oseanstormsvala som etter hekking i Antarktis og på Dei subantartiske øyane jamleg kryssar ekvator til farvatn i Nord-Stillehavet og Nord-Atlanteren. Andre artar gjer vandringar av ulik lengd, til dømes gjer japanstormsvale lange trekk; hekkar i Vest-Stillehavet og vandrar til vestlege Indiahavet. Bajastormsvale, derimot, gjer kortare trekke, dei hekkar i sørlege California og trekkjer ned langs kysten av Mellom-Amerika, så langt sør som til Colombia.Ainley, D. G., and W. T. Everett. 2001. Black Storm Petrel (Oceanodroma melania). In The Birds of North America, No. 577 (A. Poole and F. Gill, eds.). The Birds of North America, Inc., Philadelphia, PA. Endeleg er det nokre artar som ein trur i det alt vesentlege er standfuglar og ikkje trekkjer langt bort frå øyane der dei hekkar, hawaiistormsvale og gråryggstormsvale er begge døme på dette.

Hekking

Stormsvaler er kolonihekkarar, for det meste på øyar, jamvel om nokre artar hekkar på fastlandet, spesielt på Antarktika-kontinentet. På hekkeplassane er dei nattaktive for å unngå rovdyr. Dagstormsvale, som hekkar på Galápagosøyane, er unntaket frå denne regelen i det dei kjem inn til hekkeplassane sine på dagtid.Ayala L & Sanchez-Scaglioni R (2007) A new breeding location for Wedge-rumped Storm Petrels (Oceanodroma tethys kelsalli) in Peru Journal of Field Ornithology 78(3): 303-307 Stormsvaler er sterkt filopatriske, dei vil seie at dei stort sett held seg til same kolonien gjennom livet. I eit tilfelle vart ei passatstormsvale fanga som voksen 2 meter frå hòla der ho var klekt.Harris, M. (1979) Survival and ages of first breeding of Galapagos seabirds Bird Banding 50(1): 56-61 Stormsvaler hekkar anten i hòler gravne i jord eller sand, eller i små sprekkar i stein og ur. Konkurransen om hekkeplassane er intens i koloniar der stormsvaler konkurrerer med gravande petrellar, og lirer har blitt registrert å drepe stormsvaler for å okkupere reirhòlene deira.Ramos, J.A., Monteiro, L.R., Sola, E., Moniz, Z., (1997). Characteristics and competition of nest cavities in burrowing Procellariiformes Condor 99: 634–641. Koloniar kan vere svært store og tette. 840 000 par fregattstormsvaler hekkar på Søraustøya i Chatham-øyane, der rugehòlene ligg i tettleikar på mellom 1,18 til 0,47 per m²; det er registrert tettleikar så høgt som 8 par / m² for passatstormsvaler på Galápagosøyane. Koloniar på 3,6 millionar fuglar for arten stormsvale (Oceanodroma leucorhoa) har vore registrert.West, J. & Nilsson, R. (1994) Habitat use and burrow densities of burrow-nesting seabirds on South East Island, Chatham Islands, New Zealand Notornis (Supplement) 41 27-37

mini|venstre|Unge av gråstormsvale