Łódź () er den tredje største byen i Polen og hovudstaden i Łódź-voivodskapet i sentrum av landet. Byen er hovudsenteret for tekstil- og filmindustrien og elektronikk- og underhaldningsbransjen i Polen. Med sine universitet, teater, museum og den verdskjende filmhøgskolen er Łódź òg eit viktig akademisk og kulturelt senter.

Byen er prega av ein stor utviklingsdynamikk og er for tida inne i ei sterk investeringsbølgje. Han har status som distriktsnivåby, og utgjer saman med omkringliggjande område Storbyområdet Łódź med om lag 1 150 000 innbyggjarar.

Łódź fekk byrettar av kong Vladislav II Jagello i 1423. Stordomstida kom derimot først på byrjinga av 1800-talet. Den vesle jordbruksbyen, som i 1820 hadde knapt tusen innbyggjarar, vart då omdanna til eit av dei største sentera for tekstilindustri i Europa med over ein halv million innbyggjarar like før første verdskrigen braut ut. Dei to verdskrigane stansa den eventyrlege utviklinga. Łódź sin fleirkulturelle karakter gjekk tapt, der polakkar, jødar, tyskarar og russarar skapte ein fleirkulturell smeltedigel i byen som vart kjent som «Det forjetta landet». Etter den andre verdskrigen vart Łódź den uoffisielle hovudstaden i landet fram til gjenoppbygginga av Warszawa. Den økonomiske overgangsperioden på 1990-talet tok knekken på tekstilindustrien i byen, men etter å ha satsa på nye teknologibransjar har næringslivet i Łódź fått eit nytt fundament. Det historiske 1800-talssentrumet i byen vert restaurert, og gamle fabrikkompleks vert revitaliserte.

Historie Landbruksbusetnaden mini|venstre|Utsikt over Łódź (1812).

Łódź vart nemnd første gong i 1332 som landsbyen Łodzia i eit dokument der hertug Władysław Ziemiowic av Łęczyca og Dobrzyń stadfestar at landsbyen høyrer til kapittelet i Włocławek. Det første forsøket på å gje landsbyen byrettar fann stad i 1414 etter initiativ av Włocławek-biskopen, utan å gje noko resultat. Det var først eit dokument underskrive av kong Vladislav II Jagello i 1423 som gav landsbyen byrettar etter magdeburgsk rett. Innbyggjarane vart samstundes friteke frå all jurisdiksjon frå voivodar, slottsforvaltarar og andre statsstyresmakter. Dei hadde retten til å opprette lokale styresmakter og til å organisere to marknader i året. Fram til slutten av 1600-talet utvikla Łódź seg derimot sakte og var ikkje meir enn ein mindre landbruksby.The Golden Book of Łódź, Bonechi-Galaktyka 2006 ISBN 83-87914-94-0

Under den svenske invasjonen av Polen (1655–1660) vart byen avfolka. Han vart seinare fram til slutten av 1700-talet ein mindre busetnad på handelsvegen mellom Masovia og Schlesien, underlagt biskopane i Włocławek-bispedømmet. I 1777 hadde byen 265 innbyggjarar og bestod av 66 bygningar.

Med Den andre delinga av Polen i 1793 – då landet ikkje opphøyrde som sjølvstendig stat – kom byen under prøyssisk administrasjon under det germaniserte namnet Lodsch. Han hadde då knapt 191 innbyggjarar, og dei prøyssiske embetsmennene tenkte til og med på å ta frå Łódź byrettane. Med den tredje delinga av Polen i 1798 tok dei prøyssiske styresmaktene over kyrkjegodset og nasjonaliserte byen. Med tida voks rolla til Łódź, og etter Napoleon sin siger mot Preussen vart byen innlemma i hertugdømmet Warszawa i 1806. Det var derimot ikkje før etter at byen fall til det russisk-kontrollerte Kongress-Polen i 1815 at utviklinga verkeleg skaut fart.

Industrialiseringena Heilt avgjerande for den seinare bløminga til Łódź’ var den polske regjeringa sine planar om å opprette fabrikkbyar, som skulle utgjere grunnlaget for ein nasjonal industri. Etter initiativ av Stanisław Staszic og seinare Rajmund Rembieliński, som begge såg det økonomiske potensialet i Łódź-området, oppstod ein slik tekstilindustribusetnad i Łódź. Han vart lagt sør for det som då var sentrum i byen (Stare Miasto – «Gamlebyen») i åra 1821-1823 som Nowe Miasto («Den nye byen»). Opprettinga av det nye busetnadsområdet førte ikkje berre til ein radikal demografisk vekst, men òg til forflyttinga av sentrum i byen: Det trapesforma gamlebytorget (Stary Rynek), som var midtpunktet i jordbruksbyen Łódź, vart forlate til fordel for den nye, åttekanta Fridomsplassen i Nowe Miasto. I åra 1824-1828 vart den nye industribusetnaden Łódka grunnlagd, denne gongen sør langs Nowe Miasto sin hovudakse Piotrkowska-gata.

Ein konstant tilstrøyming av arbeidarar, forretningsmenn og handverkarar frå heile kontinentet gjorde Łódź til det største sentret for tekstilindustri i Kongress-Polen og det russiske riket. Nybyggjarane kom hovudsakleg frå dei sørlege delane av Tyskland og Böhmen, men òg frå land som Portugal, England, Frankrike og Irland. Det var likevel i første rekkje polakkar, jødar og tyskarar som medverka til utviklinga av byen. Nykomlingane vart garanterte hjelp frå styresmaktene, særleg med tanke på tomter, lån og fabrikkbygging.

mini|Fridomsplassen i Łódź (1899).

Den første bomullsfabrikken opna i 1825, og 14 år seinare opna portane opp for både Polen og Russland sin første dampdrivne fabrikk i byen (Den kvite fabrikken). Łódź stod for produksjonen av ull-, lin- og bomullstekstilar, som vart eksportert i første rekkje til Russland, Kina og Persia. Byen baud på gode tilhøve og vart raskt kjend som «Det forjetta landet». Med tida utvikla han seg til å bli eit av dei leiande sentera i verda for tekstilproduksjon.Zbigniew Kotecki, Krzysztof Stefański, Łódź. Szkice do portretu miasta, Studio Filmowe Itaka, Łódź 2007 ISBN 978-83-924356-1-7

mini|venstre|Piotrkowska-gata (1896).

Mot slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet opplevde Łódź ein rekordhøg demografisk vekst. I løpet av et titals år vart den vesle landsbyen (med 4 000 innbyggjarar i 1830 og 40 000 i 1865) ein industriell metropol med 300 000 innbyggjarar i 1900 og 500 000 innbyggjarar i 1914.

Byen gjekk inn i ein viss stagnasjonsperiode etter den antirussiske Novemberoppstanden, som førte med seg tollbarrierar og reduserte handelsmoglegheitene frå Russland si side. I 1850 vart derimot den pålagde tollen mellom Russland og Kongress-Polen avskaffa. Łódź kunne no selje varene sine på den russiske marknaden og dette medverka på ny til den økonomiske utviklinga i byen. I 1865 fekk byen dessutan jernbanesamband til Wien og Warszawa, og nokre år seinare òg til Białystok. Dette vart ein viktig føresetnad for at innbyggjartalet i byen vart dobla kvart tiande år i perioden 1823–1873.

I andre halvdel av 1800-talet voks industriimperia til dei store fabrikantane – i første rekkje Ludwik Geyer, Izrael Poznański, Karol Scheibler og Ludwik Grohman – som alle sette tydelege spor etter seg i bybiletet. Dei var eigarar av vakre villaer, palass og enorme fabrikkområde. Dei sistnemnde fungerte nærast som sjølvstendige byar – ved sida av fabrikkbygningane vart det eigne skular, butikkar brannvesen, sjukehus og bustadområde for arbeidarane. Rundt dei gigantiske tekstilfabrikkane oppstod bankar samt kultur- og vitskapsinstitusjonar. Åra 1870-1890 markerte den mest intense industrielle utviklinga i historia til byen, men samstundes voks òg gapet mellom fabrikantane sine formuar og arbeidarane sin fattigdom. Łódź vart snart eit av hovudsentera for den sosialistiske rørsla i Kongress-Polen. I 1892 vart dei fleste fabrikkane i byen lamma av ein stor streik med over 70 000 deltakande arbeidarar. Arbeidarklassen deltok òg i den antirussiske 1905-revolusjonen, der over 300 arbeidarar vart drepne i kampar med tsarpolitiet.

Mot slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet var Łódź det største industrisentret i Kongress-Polen, og opplevde kraftig demografisk så vel som arealmessig vekst. Nye bydelar vart grunnlagde, og fleire av dei omkringliggjande landsbyane vart innlemma i Łódź.

Første verdskrigen og mellomkrigstida mini|St. Stanisław Kostkas katedral i mellomkrigstida.

Fram til første verdskrigen voks folkesetnaden i byen konstant. I 1914 var Łódź ein av dei mest folkesette industribyane i verda (13 280 innbyggjarar per kvadratkilometer). Eit av dei største slaga i krigen på Austfronten vart utkjempa nær byen i 1914, og under første verdskrigen vart byen okkupert av Tyskland. Krigen stansa den industrielle og demografiske utviklinga i Łódź, og dei fleste fabrikkane vart øydelagde av tyskarane.

Etter krigen – då Polen i 1918 hadde vunne tilbake sjølvstendet sitt – sette innbyggjarane sjølve fri byen ved at dei avvæpna og deporterte dei tyske soldatane. Under og etter første verdskrigen mista Łódź 40 % av folkesetnaden sin, først og fremst på grunn av verneplikt, sjukdomar og det faktum at ein stor del av den tyske folkesetnaden flytta til Tyskland etter krigen slutta i 1918.

Etter krigen vart det gjort forsøk på å gjenopprette den tidlegare økonomiske posisjon i byen, men den store industrielle vekstperioden var likevel over. Det vart samstundes lagt arbeid i utviklinga av kultur og vitskap i Łódź.

I 1922 vart byen hovudstad i Łódź-voivodskapet. Den store depresjonen på 1930-talet og handelsembargoen mellom Tyskland og Polen stengde marknader for polske tekstilar i vest, medan Den russiske revolusjonen (1917) og borgarkrigen i Russland (1918-1922) vart ein stoppar for handelen i aust. Byen vart derfor skodeplass for store protestmøte og arbeidaropprør.

I 1925 opna flyplassen Lublinek nær Łódź.

I mellomkrigsåra var Łódź framleis møteplass for forskjellige nasjonar og kulturar – i 1931 bestod folkesetnaden i byen av 52 % polakkar, 33 % jødar og 14 % tyskarar.

Den andre verdskrigen mini|venstre|«Etter Adolf Hitler si befaling heiter denne byen Litzmannstadt»

Under Tyskland sin invasjon av Polen vart Łódź forsvart mot dei første tyske åtaka av general Juliusz Rómmel. Byen vart derimot erobra av tyske troppar den 8. september 1939. Under okkupasjonen vart innbyggjarane i byen utsett for masseutryddingar, fordriving eller deportering til konsentrasjonsleirar, og dei tyske nazistane oppretta mange fengsel og leirar i byen. Under krigen var Łódź eit av de største sentera for polsk motstandskamp i Det tredje riket.

Łódź skulle i følgje dei tyske planane eigentleg verte ein polsk enklave som del av Generalguvernementet, men den nazistiske leiinga innlemma likevel Łódź i Det tyske riket. Denne innlemminga vart gjort etter ønsket til Arthur Greiser – den lokale guvernøren for Reichsgau Wartheland – og fleire av dei etniske tyskarane som budde i byen. Namnet på byen vart samstundes endra til Litzmannstadt etter den tyske generalen Karl Litzmann, som hadde erobra byen under første verdskrig. Derimot nektet mange tyskarar frå Łódź å skrive seg under på Volksliste og bli Volksdeutsche, og vart istaden deporterte til Generalguvernementet.

I byrjinga av okkupasjonen vart alle polske religiøse og patriotiske symbol fjerna frå byen, og alle polske gate- og stadnamn endra. Mellom anna vart Tadeusz Kościuszko-monumentet rive ned på Polen sin nasjonaldag den 11. oktober 1939, og den representative Piotrkowska-gata fekk namnet «Adolf Hitler Straße». Samtidig vart fleire representantar for intelligentsiaen og presteskapet samt politiske forkjemparar arresterte.

mini|venstre|Den store synagogen i Łódź, brend ned av tyske nazistar i 1939.

Dei verste tiltaka vart retta mot jødane. Nesten alle synagogane i byen vart brende ned, og nazistane oppretta raskt ein ghetto i byen og fylte han med 200 000 jødar som budde i Łódź-området (Ghetto Litzmannstadt). Berre 900 personar overlevde likvideringa av gettoen i august 1944.

I nærleiken av Łódź vart det òg bygd fleire arbeids- og konsentrasjonsleirar for ikkje-jødiske innbyggjarar i området, mellom dei det frykta Radogoszcz-fengselet og fleire mindre leirar for romanifolket og polske barn.

Ved slutten av den andre verdskrigen hadde Łódź mista 420 000 (67 %) av innbyggjarane sine frå før krigen - 300 000 jødar og 120 000 polakkar. I januar 1945 flykta den tyske folkesetnaden av frykt for den raude arméen.