Kiberg bedehuskapell er eit kapell i Kiberg i Vardø kommune i Finnmark. Huset vart bygd som bedehus i 1924.
Bygget er i tre og har sitjeplassar til 65 personar. Preikestolen er plassert like bak alteret. På veggen bak preikestolen heng det eit målarstykke som viser den store kvite flokk. Det vart laga under andre verdskrigen. Under krigen hadde bedehuset vorte rekvirert av dei tyske styrkane, men då dei ikkje lenger brukte det fekk kibergingane det attende. Det var då måla ymse slagord på tysk på veggene inni huset. Eit av slagorda gav inspirasjon til målarstykket og det ber framleis påskrifta «Kun en kan overhode seire, og det er vi.»
I 2005 måtte kommunen spare pengar og leigeavtalen med Normisjon for huset vart oppsagd. Då vart det danna eit venelag, kalla Bedehusets venner, som stod for vidare drift av bedehuskapellet.«Bedehusets venner» på nettstaden til Vardø kyrkjelyd
Det har lenger attende i tid vore kyrkje i Kiberg. Den siste vart riven i 1746 fordi ho var i så dårleg stand. Barokkaltertavla frå kyrkja vart då flytt til Nesseby kyrkje.«Nesseby kirke» på nettstaden Arkitektturguide for Nord-Norge og Svalbard
Kiberg bedehuskapell ligg i Vardø sokn i Varanger prosti.
Kjelder «Oversikt over nåværende kirker» på nettstaden til sivilarkitekt og tidlegare konsulent for Kyrkjedepatementet, Arne E. Sæther Lillian Dombestein: «Bedehus til glede og besvær» på nettstaden til Normisjon
Referansar
Bakgrunnsstoff Om Vardø sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Om Kiberg bedehuskapell på nettstaden x-kiberg Menighetsbladet for Kiberg og Vardø sommer 2006 Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Finnmark» på nettstaden til Arkivverket
Kategori:Kyrkjer i Vardø Kategori:Bygningar i Finnmark og Nord-Troms frå før 1944 Kategori:Kyrkjer i Varanger prosti Kategori:Bedehuskapell i Finnmark Kategori:Norske kyrkjer frå 1924