Menasseh Ben Israel () var ein sefardisk rabbinar, forskar, skribent, diplomat, boktrykkjar og utgjevar; grunnleggjar av det første hebraiske boktrykkjeriet i Amsterdam i 1626.
Biografi Manoel Dias Soeyro, som var namnet han voks opp med, vart fødd på Madeira i 1604, året etter at foreldra hans flykta frå Portugal på grunn av Inkvisisjonen. Familien flytte til Nederland i 1610. Nederland var på denne tida midt i åttiårskrigen (1568–1648) — ein krig som i stor grad dreidde seg om religiøst opprør. Familien kom dit under våpenkvila som Frankrike og England hadde mekla fram i Haag.
Menasseh Ben Israel var ein ven av Rembrandt.
Menasseh er særleg kjend for petisjonsbrevet sitt åt Oliver Cromwell og Det britiske parlamentet for å gjera om dei tidlegare engelske herskarane sine vedtak og lata jødane flytte attende til England. Petisjonen førte fram, og det voks gradvis fram ein jødisk busetnad i Storbritannia frå da av.
Menasseh ben Israel døydde i Middelburg i Nederland hausten 1657, kort etter heimkomsten frå England.
Sjå òg Jødisk historie
Bakgrunnsstoff England related articles in the Jewish Encyclopedia Digital samling av bøker og brev i samband med Menasseh Ben Israel
Kategori:Sefardiske rabbinarar Kategori:Boktrykkjarar Kategori:Nederlandske jødar Kategori:Portugisiske jødar