Ponta do Pico er ein stratovulkan og det høgaste punktet på øya Pico i Asorane. Med ei høgd på 2351 meter over havet er det òg det høgaste punktet i Portugal og på Den midtatlantiske ryggen. Pico er meir enn dobbelt så høg som andre fjell i Asorane.
Pico Alto er eit rundt krater med ein diameter på om lag 500 meter og eit djup på 30 meter som ligg på toppen av vulkanen. Piquinho (Pico Pequeno) er ei lita vulkankjegle som stig 70 meter opp og dannar den eigentlege toppen av fjellet. Utbrot frå Pico i historisk tid har skjedd frå ventilar i fjellsida av vulkanen og ikkje frå sjølve krateret på toppen. I 1562–1564 var det eit utbrot på søraustsida av fjellet som produserte lavastraumar som nådde sjøen. Eit anna utbrot i fjellsida i 1718 gjorde det same. Det siste utbrotet ein kjenner til skjedde i desember 1720.
Det går turstiar til toppen av fjellet, ein tur som tar to til fire timar frå botn av fjellet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mount Pico» frå , den 23. juni 2008. oppgav desse kjeldene:
Global Volcanism Program: Pico
Bakgrunnsstoff Informasjon om fjellet Pico - A Ilha Montanha Atlantica - Bilete frå Flickr Biletgalleri
Kategori:Fjell i Portugal Kategori:Høgaste punkt Kategori:Stratovulkanar Kategori:Asorane