Øyvind Bjorvatn () var ein norsk lektor og politikar for Venstre og Det Liberale Folkepartiet. Han var formann i DLF frå 1982 til 1986.

Bjorvatn vart fødd i Herefoss i Aust-Agder. Han tok lærareksamen i Kristiansand i 1954, og vart cand. philol. i 1962. Frå 1954 jobba han på diverse skular fram til 1965. I 1956 overtok han odelsgarden Berge i Holt. Frå 1974 til 1988 jobba han igjen som lektor på vidaregåande skular i Arendal og Tvedestrand.

Bjorvatn sat i kommunestyret i Tvedestrand frå 1963 til 1971. I 1965 vart han vald inn på Stortinget for Venstre i Aust-Agder og sat der i to periodar. Ved splittinga av Venstre i 1972 gjekk han over til Det Nye Folkepartiet, seinare Det Liberale Folkepartiet. Han var organisatorisk nestformann for det nye partiet frå 1972 til 1974, og formann frå 1982 til 1986.

Bjorvatn ga ut fleire lokalhistoriske bøker, og var formann i Historielaget for Dypvåg, Holt og Tvedestrand i ei årrekkje.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Lokalpolitikarar i Tvedestrand Kategori:Venstrepolitikarar i Aust-Agder Kategori:DLF-politikarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Folk frå Birkenes