Someșul Mic (Vesle Someș, ungarsk Kis-Szamos) er ei elv nordvest i Romania (Cluj fylke). Ho oppstår der dei to elvane Someşul Cald og Someşul Rece renn saman i Gilău. Desse kjem frå Apusenifjella. Frå her renn Someșul Mic austover og så nordover gjennom Cluj-Napoca, Apahida og Gherla, før ho møter Someșul Mare i Dej. Nedanfor Dej vert elva kalla Someș.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Someșul Mic River» frå , den 4. juli 2008. oppgav desse kjeldene: Administrația Națională Apelor Române - Cadastrul Apelor - București Institutul de Meteorologie și Hidrologie - Rîurile României - București 1971 Capitolul 3 Apa Trasee turistice - județul Cluj

Kategori:Elvar i Romania Kategori:Cluj fylke