Hunedoara er ein by i Romania i Hunedoara fylke i Transilvania. Han ligg i Cernadalen nær Poiana Ruscă-fjella i Karpatane. Byen har om lag 50 000 innbyggjarar.

I Hunedoara ligg det gotiske Hunyadslottet, som er knytt til Corvin-familien. Slottet var opphavleg ein liten kongeleg residens som vart gjeve til Vajk (rumensk Voicu) av Sigismund av Det tysk-romerske riket i 1409. Sonen til Vajk, Johannes de Hunyad, bygde ut slottet til ein gotisk residens i 1446.

I tillegg til den rumenske folkesetnaden er det òg ein del etniske ungarar og tyskarar i Hunedoara.

Byen hadde tidlegare det nest største stålverket i Romania, men dette er no nedlagt.

Busetnader mini|Kommunen Hunedoara innanfor Hunedoara fylke Hunedoara er ein municipiu (større bykommune) med desse busetnadane:

Busetnad Folketal 2011 Folketal 2021 Hunedoara 57 885 48 097 562 486 477 463 71 75 386 348 1 144 988

Storbyområde Det blir arbeidd med å etablere eit storbyområde som er tenkt å omfatte Hunedoara, fylkeshovudstaden Deva, bykommunane Simeria og Călan (oraș) og dei tre mindre kommunane (comună) Băcia, Cârjiți, Pestișu Mic.

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hunedoara» frå , den 11. juli 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Municipiu i Hunedoara fylke