Dag Skogheim () var ein norsk forfattar og kulturarbeidar fødd på Sømna i Helgeland. Skogheim har sidan starten av 1980-talet vore forfattar på heiltid. I 1988 slo han seg ned i Levanger.

Hovudtema i det faglitterære forfattarskapet til Dag Skogheim er krigen i Nord-Noreg, tuberkulosens historie og arbeidarrørsla. I tillegg kjem mange skjønnlitterære bøker. Dag Skogheim vart sjølv ramma av tuberkulose som 15-åring, noko som isolerte han frå samfunnet i 11 år. I tillegg til å ha gjeve ut nærare 30 bøker, har Skogheim gjort mange intervju (ca. 100) på lydkasettar som dokumenterer mange sider ved det norske samfunnet.

Utmerkingar

Skogheim vart utnemnd til statsstipendiat i 1992. I 2001 fekk han Havmannprisen for Sanatorieliv. Den 7. november 2008 vart han tildelt Kongens fortjenstmedalje i gull.

Bøker skrivne av Dag Skogheim

Blod på hvit rose (2012) Sju mann (Tiden 2006) Erindringer om Thorvald. (Tiden 2002) Sanatorieliv. (Tiden) 2001 Med slukte lanterner. 1998 Redd tyskeren! 1995 I gode og vanskelige dager. 14 porttretter. Psy. utvkl. hemmedes rettsikkerhet (medf). 1994 Kaiser Wilhelm. 1994 Gå foran - vis vei! Landsforeningen for Hjerte- og Lungesyke gjennom 50 år. 1993 Osten. 1992 Torden i mars . Lofotraidet 1941 (medf). 1991 Tæring. Soga om ein folkesjukdom (medf). 1990 Mennesker og fiender. 1990 Portretter av en fiende. 1989 Tre dager i mai. Prosalyriske tekstar om tre dagar i mai 1940. 1988 Tæring. Sjølvbiografisk om tuberkulose. 1988 Arbeidsfolk. Jubileumsbok for Nordland Arbeiderparti 100 år. 1987 Sølvhalsbåndet. 1986 Alarm - krigen i Nordland 1940 (medf). 1984 November -44. 1984 Cafe Iris. 1982 Sulis. 1980 Kvinner i Nordnorsk arbeiderbevegelse - Gitta Jønssmo. 1978 Kvinner i Nordnorsk arbeiderbevegelse - Kathrine Bugge. 1978 Hexhora. 1978 Kvinner i Nordnorsk arbeiderbevegelse- Ellisif Wesse. 1977 Blind-Fredrik. Gruvesluskens egne dikter (medf). 1973 Klassekamp under Nordlysflammer. 1973 Gå stille - tal sakte. 1973 ....gagns menneske. 1970

Referansar

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Statsstipendiatar Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Folk frå Sømna