Minusinskgropa eller Khakas-Minusinsk-gropa (russisk Минусинская (Хакасско-Минусинская) котловина eller Minusinskaja (Khakassko-Minusinskaja) kotlovina) er den sørlege delen av den store Minusinsksenkinga i Khakasia i Krasnojarsk kraj i Russland. Det ligg langs fjella i det sørlege Sibir. Området grensar til Kuznetsk Alatau i sør, til Aust-Sajan i aust, til Abakhanfjella i vest og til Vest-Sajan i nord. Høgda varierer mellom 200 og 700 meter over havet og består av ei slette med spreidde småhaugar og enkelte dalar.Минусинская котловина, ein artikkel frå Store Sovjetiske Leiksikon (russisk) Minusinskgropa (russisk)
Elva Jenisej og dei store sideelvane hennar, Abakan, Oja og Tuba renn gjennom dalane. Dei største byane i området er Minusinsk og Abakan. Gropa inneheld mange innsjøar, inkludert fleire saltsjøar. Senkinga er eit viktig jordbruksområde og har òg kolførekomstar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Minusinsk Hollow» frå , den 14. juli 2008.
Kategori:Senkingar i Russland Kategori:Khakasia