Ruawai er ein liten by 30 km sør for Dargaville i regionen Northland på New Zealand. Folketalet var 426 ved folketeljinga i 2006, ein nedgang på 30 frå 2001.
Namnet kjem frå maorispråk og tyder 'to vatn', som peikar på den nærliggjande elva Wairoa og den naturlege hamna Kaipara Harbour. Byen er primært eit tenestesenter for det omliggjande jordbruksområdet som for det meste driv kvegavl og dyrking av søtpotet.
Utdanning Ruawai har to skular med fem klassetrinn kvar.
Ruawai School er grunnskulen (1.-6. skuleår) med eit elevtal på 128. Vitja i 2008.
Ruawai College er ein ungdoms- og vidaregåande skule (7.-13. skuleår) med 171 elevar. Vitja i 2008. Ruawai District High School vart oppretta i 1929.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Ruawai» frå , den 24. juli 2008.
Bakgrunnsstoff Nettstaden til Ruawai College
Kategori:Byar på New Zealand Kategori:Kaipara District