V (v) er den tjueandre bokstaven i det normale latinske alfabetet. Eigentleg er han same bokstav som U, for teiknet for vokalen u vart på latin òg nytta for halvvokalen (konsonantisk u). Bokstavnamnet ve er nydanna i analogi med be, pe osb. På norsk er v ein stemd labiodental spirant som blir uttalt med underleppa mot overtennene. Det er den stemde lyden som svarer til ustemd f. På tysk vert v som oftast uttalt som f.
Historie V kjem frå den semittiske bokstaven waw, og vart forenkla til v av etruskarane. Romarane skreiv bokstaven både slik me trykkjer han no, og som ein liten u, slik mange fortsatt gjer i handskrift. Då ein byrja å bruka store og små bokstavar i mellomalderen brukte ein paret V/u, slik at ein fekk til dømes Vniuersitas. Ved renessansen skilde ein dei to bokstavane U og V, ettersom dei hadde vorte to ulike lydar, og liten v og stor U vart lagde til alfabetet.
Under den andre verdskrigen fekk bokstaven V stort verd i propagandaen. I juli 1941 innførte den britiske pressa det som symbol på siger (engelsk Victory) og samstundes vart det såkalla V-teiknet innført. Det bestod i at ein lyfte handa med sprikande peike- og langefinger. BBC nytta V frå morsealfabetet (...−) som kjenningssignal i sendingane sine i dei okkuperte landa, og ein laga symbolikk av at Beethovens 5. symfoni, skjebnesymfonien, starta med same rytme V i morsealfabetet. I dei tyskokkuperte landa vart V-en ofte måla eller teikna på husvegger og plankegjerde. Den tyske propagandaen gjorde eit mislukka forsøk på å svare på dette ved sjølv å annektere V-teiknet, som skulle stå for Viktoria. I etterkrigstida har V-teiknet òg vorte (mis)brukt som sigersteikn.
I NATO sitt fonetiske alfabetet kallar ein v Victor.
Tyding
Samfunn høgre
Som førstebokstaven i det engelske ordet Victory, siger, er bokstaven vorte brukt som eit kamp- og sigersteikn.
Som bilkjennemerke for land står V for Vatikanstaten.
I romartala står V for talet 5.
forkorting for det romersk førenamnet Valerius.
forkorting for venstre, verb, vest og vestleg.
føre etternamn forkorting for nederlandsk van og tysk von som tyder «av» eller «frå».
forkorting for tysk Vergeltungswaffe, som tyder «gjengjeldingsvåpen», eit omgrep nytta om to tyske våpen under den andre verdskrigen, V-1 og V-2. Opphavleg stod V for Versuchsmuster, «eksperimenttype».
Naturvitskap
Innan elektrisitet er V den SI-avleia eininga for volt, for elektrisk spenning og potensial. I kjemi står V for grunnstoffet vanadium. I biokjemi står V for aminosyra valin. I fysikk er v ofte ein variable for fart, velocity
Kultur i musikk forkorting for italiensk violino (fiolin), voce eller voci («stemme(r)»), og «volti» («vend (bladet)»).
Kjelder
Kategori:Det latinske alfabetet