mini|Plasseringa til Mininaskjera. Kolosovykhøyane er den nordlege delen av skjera. Kolosovykhøyane (russisk остров Колосовых, Ostrov Kolosovykh) er ei øygruppe i Karahavet utanfor kysten av Sibir. Dei fleste øyane i øygruppa er berre nokre få kilometer frå Tajmyrhalvøya. Den største øya i øygruppa er Kolosovykhøya.

Øygruppa ligg nær kysten, like nord for den vesle Kolosovykhhalvøya, som nesten er ei øy i seg sjølv. Øyane ligg mellom 74° 45' og 75° N og mellom 85° og 87° 30'E. Geologisk høyrer Kolosovykhøyane til Mininaskjera, som inkluderer Plavnikovyjeøyane lenger sør.

Havet omkring Kolosovykhøyane er islagt om vinteren og klimaet er hardt med lange vintrar. Sjølv om sommaren er det pakkis i området rundt øyane.

Øyane høyrer til Krasnojarsk kraj i Russland og er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.

Historie I 1937 organiserte Det arktiske og antarktiske forskingsinstituttet i Sovjetunionen ein ekspedisjon for å utforske Nordaustpassasjen i Karahavet. Dei fann leivningane etter Vladimir Rusanov sin mislukka ekspedisjon i 1912-1913 på «Gerkules» på «Popova-Tsjuktsjina-øya» vest for Kolosovykhøya ved 74° 56'N og 86° 18'E.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kolosovykh Islands» frå , den 3. august 2008. oppgav desse kjeldene: Naturreservat Albert Hastings Markham. Arctic Exploration, 1895 Armstrong, T., The Russisks in the Arctic, London, 1958. Tidlege sovjetiske ekspedisjonar Russiske ekspedisjonar i Arktis

Sjå òg Karahavet Tajmyrhalvøya

Kategori:Øyar i Arktis Kategori:Øyar i Russland Kategori:Karahavet Kategori:Krasnojarsk kraj Kategori:Øygrupper i Nordishavet