mini|Plasseringa til Makar i Laptevhavet.
Makar (russisk Остров Макар; Ostrov Makar) er ei øy i Laptevhavet i republikken Sakha i Russland. Ho ligg i bukta der Jana munnar ut, om lag 30 km frå kysten i sør og 21 km nord for Sjelonskijøyane.
Makar er flat og myrlendt. Ho har nokre små innsjøar og ei landtunge som peikar austover.Geografisk skildring Ho har ei lengd på 11 km og er 6 km på det breiaste. Øya, som Muostakhøya lenger vest i Buor-Khaja-bukta, er utsett for kraftig erosjon.
Janabukta er utsett for det harde arktiske klimaet med mange stormar og snøstormar. Havet i bukta er dekt av tjukk is om lag åtte månader av året.
I 1986 vart det funne bisonbein frå kvartærtida av Ju. A. Jarlykov på Makar.
Det ligg ein russisk polarstasjon på Makar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Makar Island» frå , den 4. august 2008. oppgav desse kjeldene: Geografiske data Plassering Bilete av Makar Bilete av polarstasjonen på Makar.
Kategori:Øyar i Arktis Kategori:Øyar i Russland Kategori:Laptevhavet Kategori:Sakha