mini|Michael Phelps under 400-meter i februar 2008. Michael Fred Phelps II () er ein amerikansk symjar som held ei rekkje verdsrekordar i symjing. Det amerikanske tidsskriftet «Swimming World» har kåra Phelps til «World Swimmer of the Year» i åra 2003, 2004 og 2006, og «American Swimmer of the Year» i åra 2001 til 2007, unnateke 2005.
Historikk Barne- og ungdomskarriere Som liten vart Phelps diagnosert med Attention-Deficit Hyperactivity Disorder, eller ADHD. Han starta symjing som sjuåring for å ha noko å få ut energien på. Dessutan var båe dei to eldre systrene habile symjarar, den eine var nær å bli tatt ut til sommar-OL i Atlanta i 1996 før ei skade øydela for karrieren hennar.
Som 10-åring sette Michael Phelps nasjonal rekord for aldersgruppa han symde i. Då han var 15, hadde han alt kvalifisert han seg for sommarleikane i 2000 som fann stad i Sydney.Paul McMullen, Amazing Pace: The Story of Olympic Champion Michael Phelps from Sydney to Athens to Bejing. New York: Rodale, Inc., 2006. Her var han den yngste amerikanske herresymjaren på 68 år. Sjølv om han ikkje vann, vart han nummer fem på 200 m butterfly.
I november 2004 vart Phelps teken for å ha køyrt i påverka tilstand. Han sa seg skuldig og vart dømd til 250 dollar i bot og 18 månaders samfunnsteneste der han måtte tale for studentar på high school om faren ved å køyre påverka av rus, pluss at han måtte ta del på eit møte hjå Mothers Against Drunk Driving ('mødre mot fyllekøyring').Olympic Champ Sentenced For DUI CBS, 2004-12-29, vitja 2008-02-14}}Michael Phelps , Ask Men, vitja 2008-05-25 Då han seinare den månaden var gjest i det amerikanske fjernsynsprogrammet The Today Show sa Phelps at det heile var ein eingongstilfelle og at han hadde skuffa både seg sjølv og familien, jamvel mange amerikanarar.
Dei olympiske sommarleikane i Aten 2004 I Sommar-OL i Aten i 2004 vann Phelps åtte medaljar, seks var gull og to bronse.2004 Olympic Games swimming results vitja 2007-07-22 Dette er like mange medaljar i eit OL som sovjetiske Aleksander Ditiatin fekk under dei olympiske sommarleikane i Moskva i 1980.
Stil Resultat Tid400 m individuell medley Gullmedalje, ny verdsrekord 4:08.26http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3564324.stm100 m butterfly Gullmedalje, olympisk rekord 51.25http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3584378.stm200 m fri Bronsemedalje, amerikansk rekord 1:45.32http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3571044.stm200 m butterfly Gullmedalje, olympisk rekord 1:54.04http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3571638.stm200 m individuell medley Gullmedalje, olympisk rekord 1:57.14http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3577920.stm4 × 100 m fri stafett Bronsemedalje 3:14.62http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3566566.stm4 × 200 m fri stafett Gullmedalje, amerikansk rekord 7:07.33http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3572472.stm4 × 100 m medley stafett Gullmedalje, ny verdsrekord 3:30.68http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3586784.stm
Dei olympiske sommarleikane i Beijing 2008 mini|President George W. Bush (t.v.) veivar med det amerikanske flagget, under medaljeutdelinga for 400 meter individuell medley i Beijing.
Phelps kvalifiserte seg for åtte symjetevlingar under sommar-OL i Beijing.http://www.nrksport.no/meisterskap/beijing_2008/1.6163515
Dato (i Beijing) Stil Resultat Tid10. august 400 m individuell medley Gullmedalje, ny verdsrekord 4:03.8411. august 4 × 100 m fri stafett Gullmedalje, ny verdsrekord 3:08.2412. august 200 m fri Gullmedalje, ny verdsrekord 1:42.9613. august 200 m butterfly Gullmedalje, ny verdsrekord 1:52.0313. august 4 × 200 m fri stafett Gullmedalje, ny verdsrekord 6:58.5615. august 200 m individuell medley Gullmedalje, ny verdsrekord 1:54.2316. august 100 m butterfly Gullmedalje, olympisk rekord 50:58.17. august 4 × 100 m medley stafett Gullmedalje, ny verdsrekord 3:29:34
Phelps vann åtte gullmedaljar i Beijing, der sju av dei har vore verdsrekordar og ein olympisk rekord. Dermed ligg han framfor Mark Spitz om flest gullmedaljar frå eitt og same OL. Med 14 olympiske gull til saman, har Phelps skrive seg inn i idrettshistoria som den utøvaren med flest olympiske gullmedaljar til saman.http://www.msnbc.msn.com/id/26194188
Olympiske medaljar Sommar-OL 2004 USA Gull på 100 meter butterfly Gull på 200 meter butterfly Gull på 200 meter individuell medley Gull på 400 meter individuell medley Gull på 4 × 200 meter fri stafett Gull på 4 × 100 meter medley stafett Bronse på 100 meter fri Bronse på 4 × 100 meter fri stafett
Sommar-OL 2008 USA Gull på 100 meter butterfly Gull på 200 meter butterfly Gull på 200 meter fri Gull på 200 meter individuell medley Gull på 400 meter individuell medley Gull på 4 × 100 meter fri stafett Gull på 4 × 200 meter fri stafett Gull på 4 × 100 meter medley stafett
Sommar-OL 2012 USA Gull på 100 meter butterfly Gull på 200 meter individuell medley Gull på 4 × 200 meter fri stafett Gull på 4 × 100 meter medley stafett Sølv på 200 meter butterfly Sølv på 4 × 100 meter fri stafett
Referansar
Bakgrunnsstoff Offisiell heimeside
Kategori:Symjarar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for USA Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Symjarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Symjarar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Symjarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Symjarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Symjarar under sommar-OL 2016 Kategori:Folk frå Baltimore