mini|Plasseringa til Zemlja Georga i Frans Josefs land Zemlja Georga eller Prins George Land (russisk Земля Георга) er ei øy som er del av Frans Josefs land i Russland.

Med eit totalt areal på 2821 km² er Zemlja Georga den største øya i Frans Josefs land. Ho er òg den lengste med ei lengd på 115 km frå nord til sør. Det høgaste punktet er 416 meter over havet.

Øya vart oppdaga av den britiske utforskaren Benjamin Leigh Smith i 1880.} s. 164Ho vart namngjeven av Frederick George Jackson etter prins George, den seinare George V av Storbritannia.

Geografi Zemlja Georga har ei forriven kystlinje med mange bukter, viker og nes. Det meste av øya ligg under store isbrear. Det er ei stor isfri halvøy i nord, Poluostrov Armitidzj. Det vestlegaste neset er på denne halvøya er Mys Multanovskogo, og bortanfor dette ligg sundet Proliv Arkhangelskij mellom Zemlja Georga og Aleksandra Land. Sundet Cambridge Channel (Proliv Kambrittsj) ligg lenger sørvest.

Zemlja Georga har tre nes som peikar sørvestover på sørkysten, Kapp Neale (det vestlegaste punktet på øya), Kapp Crowther og Kapp Grant. Det austlegaste neset vert kalla Mys Murray.

To nes peiker nordover, Mys Brjusa og Mys Battenberg, og mellom desse ligg Sommervillebukta.

Nightingale-kanalen (Proliv Nejtingejl) går aust for Zemlja Georga med Bruceøya på andre sida.

Nærliggande øyar Davidøya (Остров Давида, Ostrov Davida), 80.15 N og 47.33 E, er ei lita øy sørvest for Zemlja Georga. Arthurøya ligg nord for Zemlja Georga og mellom dei ligg sundet Proliv Li-Smita.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Zemlya Georga» frå , den 14. august 2008. oppgav desse kjeldene: Fyrst Georg

Kategori:Øyar i Frans Josefs land Kategori:Oppkallingar etter Georg V av Storbritannia