Høgehornet (1040 moh.) er eit fjell i Ørsta på Sunnmøre. Fjellet ligg mellom Romedalen og Langedalen, og rett nord for Sveddalstinden. Det er lett klyving til topps opp nordvestryggen, som kan nåast frå begge dalane. Dette er ein av dei lågare fjelltoppane i Romedalen, men han ruvar bratt og spiss opp frå dalbotnen, derav namnet. I Langedalen heiter toppen Kvasshornet.
Kjelder
Kategori:Fjell i Ørsta Kategori:Fjell på Sunnmøre