28. mars er den 87. dagen i den gregorianske kalenderen (88. under skotår). Det er 278 dagar att av året.

Merkedag

Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar

Religiøs helgedag

Namnedag

Helgendag i den katolske kyrkja: Hesychius av Jerusalem

Hendingar

Utlandet

193: Den romerske keisaren Pertinax blei drepen av pretorianske vaktar, som så selde trona på auksjon til Didius Julianus. 1802: Heinrich Wilhelm Matthäus Olbers oppdaga 2 Pallas, den andre asteroiden kjend for menneskja. 1854: Krimkrigen. Storbritannia og Frankrike erklærte krig mot Russland. 1910: Henri Fabre blei den første til å fly eit sjøfly etter at han tok av nær Martigues i Frankrike. 1930: Dei tyrkiske byane Konstantinopel og Angora bytta namn til høvesvis Istanbul og Ankara. 1939: Den spanske borgerkrigen enda med at Madrid fall til Francisco Franco. 1979: Eit kjernekraftverk på Three Mile Island ved Harrisburg i Pennsylvania byrja å lekke radioaktiv damp.

Noreg 1908: 14 mann miste livet då last ombord i barken «Inglewood» av Larvik eksploderer på hamna i Mandal. 1954: Åtte personar omkom då postflyet til Svalbard styrta på Bjørnøya. Ein person overlevde. 1968: Stortinget oppretta Universitetet i Tromsø og Universitetet i Trondheim. 2000: Moskéen på Grønland fekk løyve frå bydel Gamle Oslo til bønnerop kvar fredag.

Fødde

1483: Rafael, italiensk kunstnar 1868: Maksim Gorkij, sovjetisk forfattar 1901: Kronprinsesse Märtha av Noreg 1914: Bohumil Hrabal, tsjekkisk forfattar 1986: Lady Gaga, USA-amerikansk songar

Døde mini|upright|Dwight D. Eisenhower døydde i 1969, 79 år gammal

1794: Nicolas de Condorcet, fransk filosof 1850: Bernt Michael Holmboe, norsk matematikar 1881: Modest Musorgskij, russisk toneskapar 1903: Magdalene Thoresen, dansk-norsk forfattar 1941: Virginia Woolf, engelsk forfattar 1943: Sergej Rakhmaninov, russisk komponist og pianist 1969: Dwight D. Eisenhower, USA-amerikansk krigar og president 1985: Marc Chagall, kviterussisk-fransk målar 1994: Eugène Ionesco, rumensk-fransk forfattar 2001: Helge Ingstad, forfattar og arkeolog 2011: Wenche Foss, skodespelar