Hawke's Bay (maori Heretaunga) er ein region på New Zealand. Hawke's Bay er kjend verda over for å vera eit område der det vert laga framifrå vin. Regionstyret held til i byen Napier.
Geografi mini|venstre|Hawke Bay mini|venstre|Namneskiltet i Taumata.
Regionen ligg på austkysten til Nordøya. Han har fått namn etter havbukta Hawke Bay, ei større, halvsirkelforma bukt som strekkjer seg 100 km frå nordaust mot sørvest mellom Mahiahalvøya og Cape Kidnappers.
Hawke's Bayregionen omfattar det bakkete kystlandskapet nord og sentralt i bukta, elvelandskapet ved Wairoa River i nord, det vide og grøderike slettelandskapet Heretaunga Plains kring Hastings i sør, og eit kupert innland som strekkjer seg opp mot åsrekkjene Kaweka og Ruahine Ranges.
Regiongrensene er noko ulike dei gamle provinsgrensene i Hawke's Bay, og somme byar i regionen Manawatu-Wanganui i sørvest, som til dømes Dannevirke og Woodville, ser enno på seg sjølve som ein del av Hawke's Bay.
Regionen er delt inn i fire distrikt: Wairoa District Hastings District Napier City Central Hawke's Bay District Dessutan ligg byen Taharua i Taupo District i Waikato og byen Ngamatea i Rangitikei District i Manawatu-Wanganui.
Regionen rosar seg av å ha ein ås med det lengste stadnamnet på New Zealand, og det nest lengste i verda, i følgje Guinness rekordbok. Taumatawhakatangihangakoauauotamateaturipukakapikimaungahoronukupokaiwhenuakitanatahu er ei lita høgde sør i Hawke's Bay, ikkje langt frå Waipukurau.
Historie mini|venstre|Møte mellom europeiske nybyggjarar og māoriar i Hawke's Bay 20. juli 1863. Illustrated London News, 31. oktober 1863.
Mellom 1858 og 1876 var Hawke's Bay Hawke's Bay Province som ein av provinsane på New Zealand, etter å ha vorte skild ut frå Provinsen Wellington i februar 1858. Provinsstyret opphøyrde på New Zealand i 1876.
Den 3. februar 1931 vart Napier og Hastings hardt råka av den største naturkatastrofen på New Zealand. Jordskjelvet i Hawke's Bay i 1931 målte 7,9 på Richters skala og drap 256 menneske. Napier vart snøgt bygd opp att, og er no kjend over heile verda for bygningane sine i Art Deco-stil.
Busetnad mini|venstre|Kartet viser folketettleiken i Hawkes Bay Region ved folketeljinga i 2006. Klikk på kartet for å sjå teiknforklaringa.
I 2018 var folketalet i regionen 166 368, ein stor del av desse bur i Napier City. Andre større urbane område er Napier og Hastings, mindre samfunn er Wairoa, Havelock North, Tikokino, Waipawa, Waipukurau, og Takapau. Regionen har ein stor maoripopulasjon (24 % av den totale populasjonen ved folketeljinga i 2006). Ngāti Kahungunu er ein av dei større lokale maori-iwiane.
Vêrlag og landbruk mini|høgre|Haustleg vingard i Hawke's Bay.
Dei lange, varme somrane og kjølige vintrane i Hawke's Bay sørgjer for framifrå vilkår for dyrking av druer. Vêrlaget er turt og temperert. Somrane kan vera varmare enn gjennomsnittet for landet, og tørke oppstår ofte. Vintrane er milde, men ein ein sjeldan gong kan ein oppleva frost og snø. Hawke's Bay er kjent for hagebruk med store frukthagar og vingardar på markene. I meir bakkete og åslendte område i regionen er saue- og kvegdrift dei viktigaste næringsvegane, medan skogbruk finn stad i dei meir ulendte områda. Nordaust i regionen ligg nasjonalparken Te Urewera National Park.
Aktivitetar Ei av dei mest kjende og populære rutene for fotturar på New Zealand, The Waikaremoana Great Walk, går gjennom nasjonalparken Te Urewa, langs sør- og vestkysten til Waikaremoanasjøen, og er 46 km lang. Turgåarar kan gå på eiga hand, eller velja guida gruppeturar.
Mange av vindyrkarane i regionen skipar til guida omvisingar på gardane, og mange stadar har dei òg opna kaféar eller restaurantar til gjestene.
Tilskipingar I Hawke's Bay vert nokre av dei beste vinane på New Zealand laga, og ein gong i året vert dette markert ved å skipa til Harvest Hawke's Bay, ein tre dagars vin- og matfestival.Informasjonsside om Harvest Hawke's Bay. Den årlege Mission Concert vert halden i Napier tidleg kvart år. Konserten finn stad på vingarden Mission Estate Winery i Greenmeadows, like ved den austlege bygrensa, og har tiltrekt seg store underhaldingsnamn som Kenny Rogers, Shirley Bassey, Rod Stewart, B52's, Belinda Carlisle, Ray Charles, og Eric Clapton.Bystyret i Napier - informasjon om Mission Concert. Byen feirar sitt Art Deco-preg i februar kvart år med ein Art Deco Weekend.Art Deco Weekend
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hawke's Bay» frå , den 28. august 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Regionar på New Zealand Kategori:Bukter på New Zealand
Kategori:Stadnamn av engelsk opphav