Kovdozero (russisk Ковдозеро) er ein stor innsjø sør i Murmansk oblast, nordvest i Russland. Det er mange øyar i innsjøen. I 1955 vart det bygd eit vasskraftverk ved innsjøen og han vart omgjort til eit reservoar. Overflatearealet til Kovdozero steig frå 224–294 km² til 608 km². Det renn mange elvar ut i Kovdozero. Innsjøen vert nytta til fiske, vasstransport og tømmerfløyting.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lake Kovdozero» frå , den 29. august 2008.
Kategori:Innsjøar i Russland Kategori:Murmansk oblast