Sverre Melvin Farstad () frå Trondheim, var ein norsk skøyteløpar som representerte sportsklubben Falken.
Karriere Han vann gull og sette olympisk rekord med 2.17,6 på 1500 meter under OL 1948 i St. Moritz. Han vart europameister under EM på skøyter i Davos, Sveits 1949 og tok sølv under VM på skøyter 1947 på Bislett stadion i Oslo.
Han har dessutan NM-sølv i både vektløfting og roing.
Han vart tildelt Egebergs ærespris i 1947.
Då han døydde, jobba Sverre Farstad som sportsjournalist i Arbeiderbladet i Oslo.
Litteratur
Bakgrunnsstoff Farstad.filene.no Nettsted dedikert til Sverre Farstad.
Sverre Farstad – Profil og resultatoversikt på SpeedSkatingNews.info
Kategori:Norske skeiseløparar Kategori:Norske vektlyftarar Kategori:Norske roarar Kategori:Norske journalistar Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Vinnarar av Egebergs Ærespris Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1948 Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1948