Øystein Langedrag () var ein norsk spelemann frå Seljord i Telemark. Han var den førande spelemannen i Telemark i si tid, attmed Knut Lurås frå Tinn. Han var og lærar for Myllarguten.

Langedragen fekk mykje av spelet sitt beinveges frå Jon Kjos, men kom til å føre nye tonar inn i Telemarksspelet. Han «låg ute», som det heiter, under Napoleonskrigane åra 1807 til 1814, og kom attende med nye impulsar. Han råka på spelemenn frå andre dalføre, og kom til å høyre marsjorkester, noko som påverka tonekjensla. Spelet til Øystein vart meir klassisk durprega av dette. Samstundes er det rekna at det var Øystein som førte bruremarsjen inn i hardingfeletradisjonen i Telemark.

Øystein Langedrag lærte opp Myllarguten, men og sonen Leiv Sandsdalen. Frå Sandsdalen gjekk spelet etter Øystein vidare til mellom andre Torkjell Haugerud. Mykje av spel-tilfanget i Vinje er langedrag-spel. Gangarane Langedragen 1, 2 og 3 har namn etter han. Han var au opphavsperson til slåttane om Kivlemøyane.

Kjelder

Kategori:Norske folkemusikarar Kategori:Folk frå Seljord