«Great Balls of Fire» er ein song av Otis Blackwell og Jack Hammer frå 1957. Songen er mest kjend i Jerry Lee Lewis si utgåve frå 1957. Han vart spelt inn i Sun Studio i Memphis i Tennessee den 8. oktober 1957 og vart gjeven ut på singel på Sun i november 1957. Han nådde andreplassen på Billboard-lista, 3. plass på R&B-lista og toppen av countrylista. Han nådde òg toppen av salslistene i andre land, som Storbritannia. Songen er av Rolling Stone rangert på 96. plass av dei 500 største songane gjennom tidene.. Songen selde ein million eksemplar dei første ti dagane etter han kom ut i USA og selde til slutt over fem millionar eksemplar der, noko som gjer han til ein av dei bestseljande singlane nokon gong i USA.

Songen kjem frå eit amerikansk uttrykk, som enkelte kristne rekna som blasfemisk, og som referer til då Den heilage ande synte seg som eldtunger for dei tolv apostlane. I Tatt av Vinden frå 1939 uttaler Scarlett O'Hara (spelt av Vivien Leigh) fleire gonger «Great balls of fire!»

Salslister Liste (1957–1958)PlasseringUK Singles Chart (The Official Charts Company)1U.S. Billboard Hot Country Singles1U.S. Billboard Hot 1002

Andre innspelingar The Crickets gav ut ein versjon av songen i 1960 på albumet In Style With The Crickets. Ein versjon av Billy J. Kramer and the Dakotas kom ut på albumet Little Children i 1964. The Kingsmen gav ut sin versjon i 1964 på albumet The Kingsmen Volume II. Tiny Tim spelte inn ein versjon som B-sida til «Tiptoe Through the Tulips» i 1968. The Newbeats gav ut ein versjon som B-sida til singelen «Thou Shalt Not Steal» i 1969.The Newbeats, «Thou Shalt Not Steal» single release Retrieved April 25, 2015 The Hassles (med den då ukjende Billy Joel) gav ut songen på singel i 1969. Gary Lewis and the Playboys gav ut ein versjon i 1970 som B-sida til songen «I'm On The Right Road Now.» Aerosmith framførte songen på ein konsert 6. november 1970. New Grass Revival spelte inn ein bluegrassversjon av songen i 1972 på albumet The Arrival of the New Grass Revival. Electric Light Orchestra spelte inn ein versjon av songen i 1974 på konsertalbumet The Night the Light Went On in Long Beach. Dolly Parton spelte inn ein versjon i 1979 og han vart tittellsporet på albumet hennar Great Ball of Fire. Songen vart ein liten hit hausten 1979. Amii Stewart spelte ein versjon i 1981 på albumet Images. Alvin and the Chipmunks spelte in ein versjon for «The Amazing Chipmunks,» ein episode av TV-serien deira. OV7 spelte ein spansk versjon kalla «Grandes luces de fuego» i 1989. Fleetwood Mac gav ut songen i 1999 på konsertalbumet Shrine '69, som vart spelt inn i Shrine Auditorium i 1969 The Misfits spelte ein versjon i 2003 på albumet Project 1950. Teitur spelte inn ein versjon i 2006 på albumet Stay Under the Stars. Den franske songaren Dorothée spelte inn ein duett med Jerry Lee Lewis i 1992 og denne kom ut på albumet Une histoire d'amour. Offenbach inkluderte songen på ein konsert-DVD av albumet Ultime (2007). Dean Delannoit spelte inn songen for debutalbumet (2007). Alan Merrill spelte inn ein versjon på Double Shot Rocks i 2003. Det amerikanske doo-wop-bandet The Flamingos spelte inn ein versjon på albumet Unspoken Emotions. Johnny Winter spelte inn ein versjon på albumet Johnny Winter And.... Live. Seamus, ein sjørøvar i animasjonsserien «Family Guy», framførte songen på eit kyrkjeorgel i episoden «Boys Do Cry» (sesong 5). Ein versjon av songen var kjenningsmelodi for animasjonsserien Madballs. Mae West spelte inn ein versjon på albumet med same namn, Great Balls of Fire. The Jolly Boys spelte songen i ein reklamefilm for Old Jamaica Ginger Beer i 2010 og denne finst på albumet deira Great Expectation. Ronnie Dio & the Prophets spelte inn songen for albumet Live at Domino's den 24. februar 1963. Garth Brooks i 2013 på albumet Blame It All on My Roots: Five Decades of Influences.Alex Lux released via; youtube.com produced by: Monster D - February 27th., 2015. Take That framførte songen live med Gary Barlow på solovokal under Everything Changes Tour (1993–1994).

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Great Balls of Fire» frå , den 23. september 2008. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1957 Kategori:Songar frå 1957 Kategori:Jerry Lee Lewis-songar Kategori:Songar skrivne av Otis Blackwell Kategori:Sun Records-singlar 096 Kategori:The Newbeats-songar Kategori:Gary Lewis & the Playboys-songar Kategori:New Grass Revival-songar Kategori:Electric Light Orchestra-songar Kategori:Dolly Parton-songar Kategori:Fleetwood Mac-songar Kategori:The Flamingos-songar Kategori:Grammy Hall of Fame Award Kategori:Songar på toppen av Billboard Hot Country Songs-lista Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Conway Twitty-songar Kategori:The Crickets-songar Kategori:Ronnie James Dio-songar Kategori:The Kingsmen-songar Kategori:Tiny Tim-songar Kategori:Sha Na Na-songar Kategori:Mae West-songar Kategori:Cliff Richard-songar Kategori:New Jordal Swingers-songar Kategori:Status Quo-songar Kategori:Bruce Springsteen-songar Kategori:Chris Isaak-songar Kategori:Brian Setzer-songar Kategori:Garth Brooks-songar Kategori:Johnny Winter-songar