Tobysj (russisk Тобыш) er ei elv i Republikken Komi i Russland og ei av sideelvane til Tsilma frå venstre.
Ho er 393 km lang og har eit nedslagsfelt på 6610 km². Elva frys til i slutten av oktober eller tidleg i november og vert isfri att i mai.
Dei største sideelvane hennar er Siabujakha og Sareda frå venstre og Bolsjoj Toman frå høgre.
Tobysj har utspring i Timanhøgdene nær grensa til Nenetsia nordvest i republikken Komi. Ho renn først sørvestover og så sørover. Nesten heile elva renn gjennom øydemark. Elva er svingete, særleg i dei nedre delane.
Tobysj munnar ut i Tsilmu litt etter Myla.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Тобыш (река)» frå , den 29. september 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Komi