3. desember er den 337. dagen i den gregorianske kalenderen (338. under skotår). Det er 28 dagar att av året.

Merkedag

Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar

Religiøs helgedag

Namnedag

Helgendag i den katolske kyrkja

Hendingar

Utlandet 1818: Illinois blei den 21. delstaten i USA. 1854: Eureka Stockade, eit gruvearbeidaropprør i Victoria i Australia, blei slått ned av delstatspoliti. 1904: Jupitermånen Himalia blei oppdaga av Charles Dillon Perrine ved Lick Observatory i California. 1912: Ein våpenkvile mellom Balkanligaen (Bulgaria, Hellas, Montenegro og Serbia) og Tyrkia, enda den første balkankrigen. 1944: Dekemvriana, 'desemberhendingane' som innleia den greske borgarkrigen, tok til i Aten då ein stor demonstrasjon ende med titals døde og over hundre såra. 1967: Ei gruppe legar leia av Christiaan Barnard utførte den første hjartetransplantasjonen på eit menneske. 1971: Krigen mellom India og Pakistan i 1971: India invaderte Vest-Pakistan i samband med uroa i Aust-Pakistan (Bangladesh). 1973: Pioneer 10 overførte dei første bildene av planeten Jupiter til jorda. 1984: Bhopalulukka. Gassutslepp frå ein amerikanskeigd insektmiddel-fabrikk i Bhopal i India drap 7 000. 1988: Etter eit møte utanfor Malta gav leiarane for Sovjetunionen og USA, Mikhail Gorbatsjov og George Bush, fråsegner om at den kalde krigen mellom landa deira kunne nærma seg slutten.

Noreg 1900: Ei offisiell folketeljing viser at det bur 2 239 880 menneske i landet. 1903: Stortinget vedtok forbud mot kvalfangst i territorialfarvatna ut for Nordland, Troms og Finnmark. 1920: Stortinget vedtok å opprette sokneråd i Den norske kyrkja. 1943: Den svenske regjeringa gav norske militære lov til å trena og utrusta 8 000 reservepolitisoldatar og 1500 rikspolitifolk på svensk jord. 1955: Krigsfangen Osvald Harjo vert sett fri etter 13 års fangenskap i Sovjetunionen.

Fødde mini|Katarina Witt er fødd i 1965

1368: Kong Karl VI av Frankrike 1857: Joseph Conrad, polsk-britisk forfattar 1881: Mons Kårbø, fiskar og organisasjonsleiar 1886: Manne Siegbahn, svensk fysikar og nobelprisvinnar 1891: Kåre Fostervoll, politikar 1925: Kim Dae-jung, sørkoreansk politikar og nobelprisvinnar 1945: Karin Moe, forfattar 1957: Anne B. Ragde, forfattar 1965: Katarina Witt, tysk skeiserennar 1969: Halvard Hanevold, skiskyttar 1977: Adam Małysz, polsk skihoppar

Døde

1154: Pave Anastasius IV 1839: Fredrik VI av Danmark-Noreg 1888: Carl Zeiss, tysk fysikar og næringsdrivar 1894: Robert Louis Stevenson, skotsk forfattar 1900: Njeld Kolbenstvedt, norsk politikar 1919: Auguste Renoir, fransk kunstnar 1941: Christian Sinding, norsk komponist Pavel Filonov, russisk målar 1996: Babrak Karmal, afghansk president 2005: Kåre Kristiansen, norsk politikar