«Michelle» er ein ballade av The Beatles, hovudsakleg skrive av Paul McCartney. Songen vart gjeve ut på Rubber Soul i 1965. Songen skil seg ut frå dei fleste andre Beatles-songar ved at delar av teksten er på fransk.
Komposisjon «Michelle» spring ut frå den franske Left Bank-kulturen i tida då McCartney budde i Liverpool. McCartney var i denne tida på ein fest med kunststudentar då ein student med bukkeskjegg og stripete t-skjorte song ein fransk song. McCartney skreiv ein parodi på songen for å underhalde venene sine med fransk-liknande liksom-ord i staden for verkelege ord. Songen vart stadig teke fram på festar fram til 1965 då John Lennon førslo at McCartney gjorde ein skikkeleg song av han som kunne nyttast på Rubber Soul.
McCartney valde å halde seg til den franske stilen og bad Jan Vaughan, ein fransk lærar og kona til ein gammal ven, om å gje han eit fransk namn og ei setning som rimte. Vaughan kom med «Michelle, ma belle» og etter eit par dagar spurte McCartney ho om ho kunne setje om setninga «these are words that go together well» — sont des mots qui vont très bien ensemble. Då McCartney spelte songen for Lennon førelo Lennon mellompartiet med «I love you». Lennon var inspirert av ein song han hadde høyrt kvelden før, Nina Simone si innspeling av «I Put a Spell on You», som nyttar same frase, men med trykk på siste ordet, «I love you».
Utgjevng «Michelle» vann Grammy Award for Song of the Year i 1967.
Andre versjonar Songen var ein stor hitt i 1966 med Overlanders, som spelte inn songen etter at Beatles sjølv ikkje ville gje han ut på singel i Storbritannia og USA. Begge versjonar vart derimot gjeve ut i enkelte land, som Noreg der begge to gjekk heilt til topps. The Beatles si utgåve erstatta Overlanders si utgåve på toppen av lista tidleg i 1966 og låg på førseplassen i heile ni veker.VG-lista Den same songen låg altså til saman ti veker samanhengande på toppen av VG-lista.
«Michelle» vart òg gjeve ut av David and Jonathan, som fekk ein liten hit med songen i 1966.
Songen er òg spelt av Ben Harper i reggae-stil og av the Four Tops, Tommy Emmanuel og Booker T. & the MGs.
Salslister Liste (1966)PlasseringFransk EP-listeIt was issued as an EP in France1New Zealand2
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Michelle (song)» frå , den 12. oktober 2008. oppgav desse kjeldene:
Andre kjelder
Bakgrunnsstoff The Beatles Bible: Michelle
Kategori:Balladar frå 1960-åra Kategori:Songar frå 1965 Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-singlar i Canada Kategori:Songar på toppen av VG-lista Kategori:Årets song i USA Kategori:Popballadar Kategori:Fleirspråklege songar Kategori:Songar om kviner Kategori:Chet Atkins-songar Kategori:Jan & Dean-songar Kategori:Andy Williams-songar Kategori:Les Baxter-songar Kategori:Bobby Goldsboro-songar Kategori:The Lettermen-songar Kategori:Four Tops-songar Kategori:Sarah Vaughan-songar Kategori:Johnny Mathis-songar Kategori:Billy Vaughn-songar Kategori:The Sandpipers-songar Kategori:Jack Jones-songar Kategori:The Supremes-songar Kategori:Ray Conniff-songar Kategori:Perry Como-songar Kategori:Allen Toussaint-songar Kategori:Paul McCartney-songar Kategori:Ben Harper-songar Kategori:Ralph McTell-songar Kategori:Iggy Pop-songar Kategori:Count Basie-songar Kategori:Booker T. & The M.G.'s-songar Kategori:The Ventures-songar Kategori:Yusef Lateef-songar Kategori:Percy Faith-songar Kategori:Richard Clayderman-songar Kategori:Tommy Emmanuel-songar Kategori:Al Di Meola-songar Kategori:Hank Marvin-songar Kategori:Herb Alpert-songar Kategori:Nummer-ein-singlar i Belgia (Flandern) Kategori:Nummer-ein-singlar i Nederland Kategori:Ferrante & Teicher-songar Kategori:Santo & Johnny-songar Kategori:Nikka Costa-songar