Kuloj (russisk Кулой) er ei elv i Arkhangelsk oblast i Russland. Ho spring ut frå Belomorsko-Kulojskojeplatået nordaust for Arkhangelsk og munnar ut i Mezenbukta i Kvitsjøen.
Elva er 350 km lang med eit nedslagsfelt på . Middelvassføringa hennar er 150 m³/s ved utløpet. Ho renn først austover og skjer seg ned i ei djup kløft på veg ned frå platået og endrar så brått retning og renn rett nordover. Elva har heile vegen mot Kvitsjøen eit særs buktande og meanderande løp. Dei nedste 90 km av elva er påverka av tidvatn.
Kuloj er knytt saman med elva Pinega gjennom den 6 km lange Kuloj-Pinega-kanalen, som vart bygd på 1920-talet for å transporte tømmer til Arkhangelsk.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kuloj» frå , den 16. oktober 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Arkhangelsk oblast