Eidbukta er ei samling av bustadområde som Statistisk sentralbyrå, SSB, har gjeve namn på og har definert som ein tettstad. Han ligg i Meløy kommune i Nordland fylke. Staden har og ligg sørom Ørnes. SSB oppretta objektet i 2008 som femna om bustadfelt ved Eidbukta, frå 2015 er arealet blitt utvida søraustover og femnar no også om Sandåg og Neverdal. __TOC__

Grenda Eidbukt Eidbukt, opphavleg Øybukt, var ei grend med tidlegare i alt fem gardsbruk fordelt på to matrikkelgardar, gardsnummer 51 og 52 i Meløy kommune, totalt på 93 dekar i 1893. Gardane ligg på eidet som skil Eidbukta (havbukt) frå Sandåbukta. Dei grensar mot Sandå i nordaust og mot Borvik i nordvest. Gård og grend i Meløy, skildring side 469 og 470. I 1875 var folketalet 25 på gardane, medan det i 1970 var 64 busette i grenda. Namna på gardane er Øybukt ytre og Øybukt indre. Gård og grend i Meløy meiner at Øybukt er det opphavlege namnet på grenda, bl.a. i følgje utskiftingskartet av 1893. Namnet Eidbukt kom inn på NGO topografiske kart, målestokk 1:100000. Side 469.. Dei eldste funn av menneskeleg aktivitet på gardane er rekna å vere mellom 3000 og 4000 år gamle. Gård og grend i Meløy, side 470 Grenda hadde skole frå byrjinga av 1890-talet fram til han vart flytta til NeverdalArtikkel i Årbok nr. 19 av Meløy Historielag, 2003 i 1931.Nettside hos Meløy Historielag.

Sjå òg Tettstader i Nordland

Kjelder

Fotnotar

Kategori:Geografi i Meløy Kategori:Tettstader i Nordland