mini|Hubble-bilete av ESO 77-14. Dei forlengde armane kan tydeleg sjåast på biletet. ESO 77-14 er eit par av vekselverkande galaksar som ligg rundt 550 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Indianaren. Båe galaksane er sterkt deformerte og har fysisk kontakt gjennom ei bru av materiale. Båe galaksane har òg forlengde armar; den eine har ein lang og blåaktig arm, medan den andre har ein kortare og raudare arm.

Kjelder

Denne artikkelen i sin heilskap baserer seg på pressemelding STScI-2008-16 frå Space Telescope Science Institute.

Kategori:Vekselverkande galaksar Kategori:Indianaren