Donets, Severskij Donets (russisk Северский Донец) eller Siverskyj Donets (ukrainsk Сіверський Донець) er ei elv i Russland og Ukraina og ei av sideelvane til Don frå høgre.

Ho spring ut frå Det sentralrussiske høglandet, nord for Belgorod, og renn søraustover gjennom Ukraina (gjennom Kharkiv, Donetsk og Luhansk oblast) og så inn att i Russland der ho munnar ut i Don i Rostov oblast nedanfor Konstantinovsk, om lag 100 km frå Azovhavet. Donets har ei total lengd på 1053 km.

Dei nedre delane av elva kan nyttast til skipsfart, og vassvegen er ei viktig transportåre i nedslagsfeltet hennar (Donbas), eit område med mykje kolgruvedrift og tungindustri.

Av byar langs Donets finn ein frå kjelda til munningen: Belgorod (Russland) Vovtsjansk (Ukraina) Tsjukhujiv (Ukraina) Zmiiv (Ukraina) Izium (Ukraina) Rubizjne (Ukraina) Lysytsjansk (Ukraina) Sieverodonetsk (Ukraina) Kamensk-Sjakhtinskij (Russland) Ust-Donetskij (Russland)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Seversky Donets» frå , den 20. oktober 2008.

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Ukraina Kategori:Elvar i Belgorod oblast Kategori:Elvar i Rostov oblast Kategori:Kharkiv oblast Kategori:Luhansk oblast Kategori:Donetsk oblast Kategori:Internasjonale elvar i Europa Kategori:Den russisk-ukrainske grensa