Carl Ludvig Emil Aarestrup () var ein dansk lege, som i dag er betre kjend som seinromantisk diktar og fornyar av den erotiske lyrikken.

Emil Aarestrup studerte medisin og etablerte seg som lege på Lolland og var seinare fylkeslege i Odense.

Medan han levde gav han berre ut ei enkelt samling, Digte i 1838. Han skreiv lyrikk til skrivebordskuffa (stort sett alt han skreiv vart ikkje gjeve ut), elles gjekk lyrikken hans i manuskript frå hand til hand og vakte ei viss oppsikt; men han vart ikkje lagt merke til av kritikarane på denne tida. Først etter han var død vart diktinga hans allment kjent på grunn av ei avhandling av Georg Brandes.

Aarestrup omsette mange diktarar som Heinrich Heine, Lord Byron og Thomas Moore til dansk.

«Paa Sneen» er teken opp i lyrikkantologien i den danske kulturkanonen.Kulturkanonen Kulturkanonen lyrikkantologien side 132

Kjelder

Bakgrunnsstoff Dikt, bibliografi og lenkjer i Kalliope arkivert utgåve

Kategori:Danske diktarar Kategori:Danske legar Kategori:Den danske gullalderen Kategori:Personar med verk i den danske kulturkanonen Kategori:Folk frå København