Ålvundeid eller Ålvundeidet er ei bygd i Sunndal kommune i Møre og Romsdal. Ålvundeid var ein sjølvstendig kommune frå 1899 til 1960.
Ålvundeid kommune 1899-1960 Ålvundeid var frå 1837 ein del av Øksendal formannskapsdistrikt.
1. januar 1899 vart Ålvundeid skild ut som eigen kommune med eit folketal på 462.Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
1. januar 1960 vart Ålvundeid slått saman med Sunndal og Øksendal til dagens Sunndal kommune. Ålvundeid hadde ved samanslåinga 497 innbyggjarar.
Folketalsutvikling Ålvundeid var den nest minste kommunen i Møre og Romsdal etter folketal i første halvdel av 1900-talet og heilt fram til 1952, då kommunen passerte Eid kommune i folketal.
Folketalsutvikling for tidlegare Ålvundeid kommune frå 1899 til 1960: 1.1.1899 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.62 385 387 448 455 513
Kjende personar frå Ålvundeid
Mali Regine Hegerberg Børset (2001 -) Sentralstyremedlem i Natur og Ungdom Gunnar Børset (1972 - ) Gardbrukar, fagforeningsmann og skodespelar
Kjelder
Kategori:Tidlegare kommunar i Møre og Romsdal Kategori:Geografi i Sunndal Kategori:Historie i Sunndal Kategori:Bygder i Møre og Romsdal Kategori:Norske kommunar skipa i 1899 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1960