Vakh (russisk Вах) er ei elv på Den vestsibirske sletta i Khanty-Mansia i Russland og ei av sideelvane til Ob frå høgre. Elva er 964 km lang og har eit nedslagsfelt på . Elva har ei middelvassføring på 504 m³/s.

Elva spring ut nær vasskiljet mellom Ob, Jenisej og Taza, og renn gjennom eit område med myrlendt taiga. Dei største sideelvane hennar er Kulynigol, Sabun og Kolikegan frå venstre og Bolsjoj Megtygegan frå høgre. Vakh munnar ut i Ob 10 km ovanfor Nizjnevartovsk.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Вах (река)» frå , den 2. november 2008.

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Khanty-Mansia Kategori:Sideelvar til Ob