Aldan (russisk Алдан) er ei elv i Sakha i Russland og den nest lengste sideelva til Lena frå høgre. Elva er 2273 km lang og har eit nedslagsfelt på . Elva har ei middelvassføring på 5060 m³/s. Elva er farbare for båttrafikk frå munningen og 1600 km oppover elva.
Elva spring ut frå Stanovojfjella, sørvest for Nerjungri. Ho renn så nordaustover forbi Aldan og gjennom Tommot, Ust-Maja, Eldikan og Khandyga, før ho snur mot nordvest og munnar ut i Lena rundt 150 km nord for Jakutsk.
Dei største sideelvane hennar er Amga, Utsjur og Maja. Nedslagsfeltet er kjend for førekomstar av gull og for kambriske fossil.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Aldan (elv)» frå , den 3. november 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Sakha