Matotsjkinsundet (russisk , Matotsjkin Sjar) er eit sund mellom Severnyjøya og Juzjnyjøya på Novaja Zemlja i Russland. Det knyter Barentshavet til Karahavet. Sidene av sundet er bratte og høge. Sundet er om lag 100 km langt og på det smalaste er det berre 600 meter. Sundet er dekt av is det meste av året. Det er fiskelandsbyar langs sundet, som Stolbovoj.

Frå 1963 til 1990 vart om lag 39 atomprøvesprengingar utført under jorda gjennom ei rekkje tunnelar og sjakter ved sundet. Etter 2000 har den russiske regjeringa aktiveter teststaden igjen ved å forstørre gamle tunnelar og starte nybygging. Kvar sommar sidan den gong er fleire subkritiske hydronukelære forsøk med opp til 100 g plutonium utført her.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Matochkin Strait» frå , den 3. november 2008. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Sund i Russland Kategori:Barentshavet Kategori:Karahavet Kategori:Arkhangelsk oblast Kategori:Novaja Zemlja