Vårflaumen er ein springar på nedstilt bass, mykje nytta i Valdres og Hallingdal. Slåtten er og kjend i Sogn og Hardanger. Namnet Vårflaumen er mest nytta i Valdres. Nemninga skriv seg truleg frå opningsveket, tre ristetak på midtstrengene, som kan minne noko om duren av ein foss i vårløysinga. Vårflaumen spel og dansarlag har teke namn etter denne springaren.

Variantgruppa

Slåtten har fått katalognr 493 i Hardingfeleverket, og gruppa har seks variantar i nedskrift. To av desse er etter spelemenn frå Valdres. Av dei fire øvrige er to å rekne som valdrestradisjon med rimeleg visse. Dei to Hordalandsvariantane, b og c, er knappare i forma enn dei andre. Dei mest utbygde formene, d, e og f, er mest nytta i dag. Forma frå Vang er noko mindre enn dei andre valdresvariantane.

a: Springar, etter Sjur Eldegard, Årdal . Nedskrift Arne Bjørndal 1916 (B 535). Eldegard hadde slåtten frå Trond Eltun, Vang i Valdres.

b: Springar, etter Gjermund Eide, Bruvik i Hordaland . Nedskrift Arne Bjørndal 1916. Eide lærde slåtten i 1860 av Anders Mostraum frå Hosanger.

c: Springar etter Severin Kjerland, etter Anders S. Kjerland, Granvin . Nedskrift Sven Nyhus 1974. Severin Kjerland hadde slåtten etter ein spelemann dei kalla Halte-Lars.

d: Vårflaumen, etter Olav Moe, Nord-Aurdal . Nedskrift Eivind Groven 1962 (G 1490, NRK magn. 603).

e: Vårflaumen/Ørrhanalåtten, etter Torleiv Bolstad, Øystre Slidre . Nedskrift Sven Nyhus 1975. Bolstad hadde slåtten etter Ola Okshovd frå Øystre Slidre.

f: Vårflaumen, etter Jørgen Husemoen, Nes i Hallingdal . Nedskrift Sven Nyhus 1977. Husemoen hadde slåtten etter Tor Grimsgard, og Grimsgard nok frå spelemenn i Valdres.

Kategori:Norske slåttar