Turgut Özal () var ein tyrkisk liberal politisk leiar, statsminister og den åttande presidenten av Tyrkia. Då partiet hans, Moderlandspartiet (ANAP) vann parlamentsvalet i 1983 vart han den tredje demokratisk valde leiaren i tyrkisk historie etter Adnan Menderes og Süleyman Demirel. Som statsminister og frå 1989 president omforma han den tyrkiske økonomien ved å privatisere mange statlege føretak. Dette betra forholda til den vestlege verda, særleg til USA. I 1991 tok han personleg initiativ til Tyrkia sin medverknad i koalisjonen mot Irak under Golfkrigen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Turgut Özal» frå , den 7. november 2008.
Kategori:Tyrkiske statsministrar Kategori:Tyrkiske presidentar