Multefamilien (Mugilidae) er ei gruppe strålefinnefiskar i ordenen Perciformes. Han omfattar rundt 80 artar, fleire av dei viktige matfiskar. Familien har kosmopolitisk utbreiing med fiskar i kyststrok både i tropiske og tempererte hav og ein del i ferskatn.

miniatyr|venstre|Springmultar i Middelhavet miniatyr|venstre|Multar sym ofte rett under vasskorpa, som desse gullmultanene på Tenerife

Multar har lakseliknande kropp, store skjel og liten munn. Dei har to korte ryggfinnar, den fremste med fire piggstråler.

Dei er stimfiskar som lever av algar, kiselalgar og detritus. Multar er utbreidde i alle tropiske og tempererte hav, og tre artar finst i norske farvatn. Dei lever hovudsakleg i kystfarvatn og brakkvatn, men nokre vandrar opp i ferskvatn. Liza abu er stasjonær i ferskvatn.

Nokre artar tjukkleppa multe (ganske vanleg i Sør-Noreg) gullmulte (sjeldan gjest i Noreg) tynnleppa multe (sjeldan gjest i Noreg) springmulte ekte multe leppemulte Liza abu Liza haematocheila

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Multer» frå , den 25. juni 2017. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Strålefinnefiskar Kategori:Fiskefamiliar